Når skal eg planta ut grønsakene?

Når skal eg planta ut grønsakene?

Å planta ut, eller ikkje planta ut, det er det store spørsmålet i siste del av april. Eg har lenge halde meg til regelen om å venta til etter 1. mai for å vera sikker på at me ikkje får meir nattefrost. Men i dag fekk me sommartemperaturar her sør, så nå er eg jammen ikkje sikker… Fleire andre faktorar enn temperatur spelar også inn.

Det hadde vore freistande å bruka solstrålande påskedagar til å fylla beda. Skal eg ta sjansen i morgon, eller skal eg venta nokre dagar til eg får langtidsvarselet for heile april? Slik går eg og lurer.

Opptil 17 grader fleire dagar framover og ni grader om natta, det er forbausande varmt. Men kulde kan fort fylgja varme på denne årstida.

Sol og regn

Tørke/regn tel også med i vurderinga: Eg ynskjer meg faktisk regn snart! Det pleier å vera perfekt å planta ut på ein halvskya dag rett før det er meldt regn. Småplantene har nemleg ikkje så djupe røter, og det er turt i beda nå.

Så hmmmmm, kva er best? Planta ut nå snart, eller venta? Den som hadde visst.

Løken tek til å få det trongt i kassane. Grunnen til at nokre er større enn andre, er at dei er sette på ulike tidspunkt. Du kan setja løk rett ut, me har bare “tjuvstarta” i kassar fordi me hadde lyst. (Foto: Margunn Ueland)

Tid og stell

Kva tid eg har spelar også inn.  Mange timar går med til utplanting, men jammen tek det også tid å passa på og stella brett på brett og kasse på kasse med småplantar i små potter. Nå i sola og varmen tørkar dei fort ut.

For det fjerde: Storleik på plantene. Eg likar eigenleg best at dei ikkje er for små, og at pottene er godt fylte med røter. Då toler dei meir etter utplanting. Er dei for små, er eg redd dei blir eit for lett bytte for brunsneglar… Men: Nå i sola og tørken er det ikkje mange sneglar å sjå.

På den andre sida: Dei skal ikkje stå mange vekene i små potter før dei må pottast over i større.  Eg ser løken eg sette fyrst, tek til å få det trangt. Lange kvite røter stikk ut. Dei fyrste løkane sette eg den 18. mars, neste runde var i lag med Nora (3) den 31. mars.

MEIR OM SETTELØK HER

Kålplantene som var dei eg prikla fyrst, treng nok også meir plass og næring. Sellerirøtene  ogsåhadde også hatt godt av meir “mat”.

LES OM PRIKLING HER

I trekassar: Løk, både gul, rød og rosa-gul. Andre rekke: Fremst: FEnnikel, så meir løk, deretter bladbete, bladpersille og rødbeter. Tredje rekke: Fremst: Glattblada, afrikansk grønkål, rufsete russisk grønkål, så ulike knutekål, deretter brokkolini. lengst borte: div. kålvekster som kålrot pluss solsikker.

Så det blir vel til at eg plantar ut løk, knutekål, brokkolini, kålrot og grønkål ein av dei fyrste dagane. Og persille. Dei er jo ganske tøffe. Kanskje også sellerirot.

Rødbeter på rekke og rad på drivhusbenken.

Men rødbeter får venta litt. Får dei nokre kalde netter i månadsskiftet april/mai, kan det føra til at dei går i stokk. Eller kanskje eg eksperimenterer og plantar ut eitt brett og ventar med resten?

Nyprikla gulbeter i dei to grøne kassande til venstre. Bladbete og sellerirot til høgre.

Gulbeter, fennikel og sommarblomar som eg nyss har prikla, får venta endå lenger.

Georginene skal få stå her på terrassen ei god stund til, eit par veker kanskje.

Georginene

Georginene ventar eg også med.  Eg vil dei skal vera kraftige, robuste planter før utplanting.

Georginene eg sette til driving i drivhuset den 10. mars, har fått ein god del blad. Dei som eg ikkje “potta” før den 23. mars, har nyss kome med eit par blad. Straks dei fekk blad, sette eg dei ut på dagtid og bar dei inn att i drivhuset om natta (på kalde netter). Når dei står ute, veks dei seg kraftigare og sterkare enn om dei hadde blitt ståande i varmt drivhus. Eg vil ha tjukke og sterke stilkar.

LES MEIR OM GEORGINER HER

Bondebønnene planta me ut den 6. april. Bak ser du kvitløkspirer. Kvitløken sette naboguten William og eg i oktober i fjor. (Fotos: Margunn Ueland)

Bondebønnene har eg planta ut. Det gjorde eg saman med nabojenta Nora (3) den dagen me sette poteter. Det var den 6. april. Me har hatt lett frost fleire netter sidan, men det har gått bra. Til trass for at dei står bak i eit bed ved granhekken kor dei knapt nok får sol så tidleg på året.

  • EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Når skal eg planta ut grønsakene?”

  • Takk for utrolig kjekk og informativ blogg – og bok – som viser hvor basic og enkelt man kan mekke kjøkkenhage selv uten allskens spesialutstyr og krimskrams. Vi er i full gang med forkultivering hos oss nå, og kribler etter å plante ut. Har ikke drivhus selv, men bruker en ikea-balje med et lokk med hull i. Funker brille! Følger deg spent videre. Kjøkkenhage er gøy!:) God påske!

    • Hei, hei! Så hyggeleg kommentar! Sååå glad at du likar både bloggen og boka. Lukke til med forkultiveringa!Enig med deg, kjøkkenhage er gøy – det gildaste eg veit, faktisk:) Fortsatt god påske!

  • Hei! Jeg planta ut reddiker, bondebønner, sukkererter, spinat og salat for flere uker siden (veldig små planter). De har tålt minusgrader om nettene uten problem, og vokser bra. Planta ut rosenkål og mainepei går, og satser på at det skal gå bra og. Jeg vet at “tidlige brassica-planter” skal tåle frost, men er usikker på hvilke planter det er. Kanskje du vet? Jeg følger så-kalenderen til Charles Dowding, alt han anbefaler å så før midten av mai skal tåle frost siden han ikke har oppvarmet drivhus eller polytunnel. Tusen takk for ei flott bok og denne flotte bloggen., Du har gitt mye inspirasjon og mange planer for årene som kommer. Kanskje spesielt med sommerblomstene som jeg ikke hadde peiling på i det hele tatt. Skal prøve georginer i år for første gang. God påske! Mvh Ruth

    • Hei! Takk for hyggeleg kommentar! Høyrest godt ut.Tidlege kålplanter: Vil tru det er spisskål, knutekål, grønkål, brokkoli og brokkolini. Eg plantar dei ut nå. Reddikane mine er snaaarrt klare — står i balje på terrassen. Spinat som eg sådde ut i slutten av februar, har spirt. Har også litt salat i balje. Oppdaga i går at sukkerertene eg sådde rett ut i mars har spirt. Bondebønnene har også greidd seg godt med frostnetter. Glad du likar både bloggen og boka!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: