Skal du planta hekk?

Skal  du  planta  hekk?

Plant ein lettstelt hekk som byr både på blomar, bær og glade fargar!  Ein slik hekk har me i Leikeplasshagen, ut mot gata. Den gir glede frå tidleg vår til seint på hausten.

Me har så klart planta bærbuskar: Ulike slag blåbær, stikkelsbær med røde og grøne bær, rips og solbær.  Underplantinga er viktig: Små påskeliljer, jordbær og blomkarse. I den eine enden kjem kraftige rabarbra og pepparrot.

Solbærbuskar luktar så godt! Legg merke til jordbærplantene. (Fotos: Margunn Ueland)

Har du kjendt kor godt solbærbuskar luktar? Det er ein fryd å sjå buskane spretta ut med grøne blad nå om våren.

Under lyser det nå gult av massevis av små påskeliljer. Dei stikk opp frå eit teppe av jordbærplantar. Nøgd med den underplantinga. Dermed slepp me å luka under hekken. «Ugraset» er jordbær med  grøne blad store delar av året, så kjem kvite blomar og mange små jordbær;-  dei fyrste bæra me kan forsyna oss av før det blir både rips, solbær, stikkelsbær og blåbær.

Den fyrste våren stakk me ned nokre blomkarsefrø hist og her, dermed blei påskeliljene avløyste av oransje og gule blomkarseblomar. Jordbæra greidde seg godt innimellom. Blomkarsefrø har blitt liggjande att, så kvart år har nye kome opp.

Slik såg hekken ut i fjor sommar.

Hekken ut mot gata: Fremst ser du rabarbra og store blad av pepparrot. Deretter bærbuskar.

Om hausten får både jordbæra og særleg blåbærbuskane fine rødtonar.

Lettstelt

Hekken er lettstelt: Du slepp som sagt med lite luking -fordi jordbær og påskeliljer fungerer som  markdekke. Det hjalp også at me la eit dekke av lauv og flis før bæra hadde fått spreidd seg.

Å klyppa hekken er fort gjort: Du treng bare skjera vekk nokre greinar kvar vår: Ta vekk greiner som veks innover/kryssar andre greinar. Etterkvart som buksane blir gamle, kutt av dei eldste og tjukkaste greinane på solbær og rips – du skjer dei nederst på busken.

Nå er det påskeliljene som gir mest glede, om sommeren er det bæra.

Både bærbuskar, jordbær og påskeliljer trives godt i jorda eg planta dei i:  Frå før av var her uhyre skrinn og grusete jord. Eg blanda inn sekkevis med lauv, pluss det eg hadde av kompost. På toppen dekka eg med gras fyrste sommaren, så med lauv om hausten og flis neste vår.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: