Tusenvis av gratis frø

Tusenvis av gratis frø

Må bare visa deg dette: Gourmetbrokkoli! Nei, det er overvintra svartkål som skyt ut stenglar med blomsterknoppar. Knallgode å eta, men spar nokre, så får du frø!

Knoppane blir til eit vell av små, gule blomar som så blir til frøbelgar, kvar med fleire frø.

Frøbelgane er ikkje klare før utpå sommaren. Vent til dei blir brune, ta dei så inn og legg dei til tørk viss dei ikkje alt er tørka i sola. Av ein plante kan du få tusenvis av frø, eg tullar ikkje. Er ikkje det fantastisk? Og alt starta med bare ein prikk av eit lite svart frø i fjor vår. Frøet sådde eg i starten av mai for så å planta ut svartkålen i starten av juli. Då var der nemleg ledig plass i bedet etter potetopptaket. Av svartkålen har eg så hausta bøttevis med blad resten av sommaren, hausten og vinteren. Og nå altså: Massevis av blomsterskot.

Snadder.

Det same med den vanlege, krusete grønkålen. Skilnaden er bare at den starta i februar med å veksa seg høgare og kom med mange nye, blad. Kjempegode, rett og slett delikate. Knask, knask. Nå fyrst, viser dei fyrste blomsterskota seg.

Eit litt ribba spisskål “Kalibos”, men knopp i toppen!

Eg sparte også nokre få av knutekål “Wiener Blå” og  den lilla spisskålen “Kalibos” i haust, dvs. let dei stå ute heile vinteren i håp om at dei overlevde. Det gjorde dei. Fleire av spisskålblada blei rett nok litt pjuskete, men dei plukka eg vekk i vår. Og kva skjer nå? Jo, har har danna blomsterknoppar! Då får eg frø av dei også. Satsar på det, har ikkje prøvd det før.

Knutekålen eg sådde i fjor har også tenkt å bløma og setja frø.

Men frø av ulike slag grønkål har eg samla før, ja. Dei spirer som bare det. Frøa eg samlar og tørkar i år, skal eg så til neste vår.

Jysla gildt, eller hur?

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: