Kom an, nå må me prikla!

Kom an, nå må me prikla!

Sådde du grønsaker i drivhus eller inne i mars, er det på tide å prikla dei nå. Å prikla vil seia å flytta ei og ei spire over i ei potte med ny jord slik at dei får plass til å veksa seg større.  Her skal eg visa deg koss eg gjer det. Blir dei ståande tett i tett i små beger, blir det for trangt og for lite næring.

Herleg, heimelaga kompostjord av planteavfall iblanda litt sand.

Fyrst finn eg fram ei bytte eller balje med jord. Eg brukar heimelaga kompostjord (laga hovedsakleg av planteavfall med ein god del lauv) og blandar inn litt sand i denne. Brukar du kjøpejord, bruk pengar på kvalitet, og vel naturgjødsla jord.

Eg føretrekk å bruka firkanta potter, får dei kan eg stabla tettare på brett og i kassar enn runde potter. Litt “stive” potter er betre enn “tynn” plast, sistnemnde går lettare sund. Dei meir harde kan du bruka år etter år.

Fennikel klar til prikling. Sådde den 27. februar.

Står spirene i små beger, snur eg begeret opp ned mens eg held under med handa slik at eg får ut heile rotklumpen med alle spirerene.

Her ser du røtene til dei ti fennikelspirene.

Så dreg eg dei varleg frå kvarandre. Står spirene i større beger/kassar, lyftar eg opp ein klump med ei teskjei eller ein liten priklegaffel.

Så dreg eg varleg spirene med røter frå kvarandre.

Kvar spire plantar eg nå djupare enn dei sto i spirebegeret, slik at stilken kjem lenger ned og bare litt av stilken og blada kjem over jorda. Då står dei stødigare og blir kraftigare.

Eg held varleg i blada, mens eg fyller på laus jord rundt. Så trykker eg til med fingrane.

Ferdig prikla.

Vatning: Når eg har stabla pottene på brett, undervatnar eg: Det vil seia at eg heller ein god dose vatn i botnen.  Etter ei stund har jorda og røtene sugd opp vatnet slik at jorda er fuktig. Kor mykje er ein god dose? Nok til at jorda blir fuktig, men ikkje dassblaut. Kan gjerne vera litt tørt øverst.  Hell i litt om gongen og kjenn etter.

Det tek ei tid før røtene får etablert seg. I overgangsfasen likar dei derfor ikkje for mykje sol og varme. Derfor skjermar eg dei for det dei fyrste dagene. I drivhuset vil det seia at eg set dei på golvet og ikkje på dei øverste hyllene dei fyrste par dagane viss sola steiker.

Brokkolini før prikling. Sådde den 18. mars.
Brokkolini etter prikling.

Jo større spirer, jo større potter gir eg dei. Tomatene har fått større potter enn brokkolini og fennikel.

Etter prikinga er som regel utfordringa å finna plass til alle! For spirene som fekk plass i eit lite beger, har plutseleg blitt til eit heilt brett eller kasse med små potter.

Løysinga mi er å flytta “kålungane” ut på dagtid (NB! må ikkje vera frost) og inn om natta. Kålen blir bare kraftigare og finare av det. Desse nyprikla brokkoliniplantene som eg sådde den 18. mars, får stå i drivhuset litt til, men knutekål og grønkål som eg sådde den 26. februar og prikla den 25. mars, ber eg  nå inn og ut.

Har du spirer av grønsaker som skal veksa utandørs ståande inne i vinduskarmen ennå? Få dei ut på dagtid så sant det ikkje er frost. Ellers får dei for lite lys så sant du ikkje har tilleggslys/plantelys.

HER KAN DU SJÅ KVA EG HAR SÅDD HITTIL OG KVA EG SKAL SÅ I SISTE DEL AV APRIL OG I MAI.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Kom an, nå må me prikla!”

  • Takk for all kunnskap og inspirasjon du deler 🌱
    Lurer på, når du flytter spirene ut og inn, hvor fort kan de få full sol? Min terrasse har mye sol hele dagen.

    • Takk for hyggeleg tilbakemelding! Har nett vore ute og flytta ut fleire brett med div. kålspirer. Eg skjerma dei bare litt den fyrste dagen eg hadde dei ut, dvs eg sette dei i halvskugge midt på dagen og i sol før og etter. Sidan har eg sett dei i full sol heile dagen. Kjem også an på kor varmt/kaldt det er, og om sola steiker heile dagen eller om det kjem nokre skyer innimellom. Kan vera lurt at det er skiftande skydekke den fyrste dagen du set dei ut.

Legg att eit svar til margunnueland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: