Om å setja poteter mens det er frost

Om  å  setja  poteter  mens  det  er  frost

Ja, det var frost her i natt.  Og i helga som var sette eg poteter. Og frost skal det bli fleire netter. Men det uroar meg ikkje. Potetene ligg nemleg 7-10 cm under jorda, og nokre få kuldegrader slepp ikkje til der. Det er fyrst når blada har kome opp or jorda, at det går dårleg om frosten tek tak.

I fjor sommar kom det opp poteter der eg ikkje hadde «planta» dei; – det var små poteter som hadde blitt liggjande att i jorda frå året før. Desse greidde seg altså gjennom heile vinteren – og grodde villig året etter.

Men ja: Her kom årets settepoteter i jorda laurdag den 7. april. Så tidleg har eg aldri våga å gjera det før. 5 kilo av tidlegpoteta «Arielle» og eit halv kilo av tidlegpoteta «Solist». «Solist» er eit-par veker seinare enn «Arielle», fekk eg opplyst av Henry Tendenes i Hageselskapet i Rogaland.

Nok til 25 kvadratmeter. (Fotos: Margunn Ueland)

Lite blir mykje

5,5 kilo settepoteter er mykje meir enn det ser ut til. Fyrst fylte eg eit bed på 14 kvadratmeter, så eit på om lag 4 og eit på om lag 7.  Er du kjøkkenhage-nybegynnar, dyrk poteter, det får du til. (I alle fall viss du dyrkar tidlegpoteter). Sjølv ein 2-åring kan setja poteter! Det har eg sagt på alle 20 foredraga eg har halde hittil i vår.

Nora (3) klar til innsats. Ser ikkje ut som mange poteter, men me fylte to bed.

Potetdans

I alle fall ein 3-åring! For straks eg gjekk bort i Leikeplasshagen, kom nabojenta Nora (3) springande og ville vera med. Mor Marte kom etter med lyseblå hagehanskar og lyseblå hagespade til dottera, og dermed hamna den eine poteta etter den andre i jorda. Stor fordel med laus kompostjord! Det var veldig kult å ha poteta i spada og så kasta ho ned i holet. Kvar gong ho traff, tok ho ein liten sigersdans med armane lyfta over hovudet og eit stort smil om munnen.  (Du kan sjå video på Facebooksida Margunns kjøkkenhage). 

Eg er sikker på at også potetene blei i så godt humør av det, at dei vil løna ho med stor avling.

Det blei med denne eine vesle «renna».

La dei få fred

Det heiter seg at ein skal grava ei renne og så setja ut potetene. Det er sikkert for at me skal sjå kor dei er planta slik at me ikkje plantar for tett. Eg starta med ei lita renne, men aj, aj, jorda var så full av meitemark som spratla fortvila, at det blei med den eine. Best å la jordlivet vera i fred og gjera den nyttige jobben sin. Dei likar best å ikkje bli forstyrra. Det gjeld ikkje bare meitemarkane, men dei trillionar på trillionar med små kryp som du ikkje kan sjå med augene.

Fort gjort å setja poteter i god jord (kompost, kompost, kompost…) Dei grøne blada med røde stilkar er ein bladbete/mangold som har overlevd vinteren og som nå tek til å veksa att. Er det ikkje herleg?

Dei andre potetene laga eg bare eitt og eitt hol til.  Dekka over med jord til slutt, slik at eg kunne sjå kor eg hadde planta. Ein av markane var nifst stor! (sjå video på @margunnskjokkenhage  på Instagram).

Eg hadde ikkje lete  settepotetene liggja til forgroing i meir enn snautt to veker før eg putta dei i jorda. Då hadde dei såvidt fått bittesmå grøne «prikkar», mest for små til å kallast groer.

NB! Du må bruka godkjende settepoteter,  ikkje poteter som du kjøper i matbutikk.

LES MEIR OM Å DYRKA POTETER:

SLIK DYRKAR DU POTETER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



2 kommentarar om “Om å setja poteter mens det er frost”

  • Jeg lurer på hvordan man bruker hestemøkka til gjødsling av poteter.
    Istedenfor kunst gjødsel

    • Kjem an på koss bedet/jorda di er frå før. Når eg laga nye bed, la eg organisk avfall som lauv, møkk, tang&tare og gras lagvis, så mold på toppen. Nå som eg har bygd levande jord/fått djup jord full av meitemark og mikroorganismar, pleier eg å leggja eit lag med gammal hestemøkk (som har lege på dunga til stalleigaren i fleire månader) i eit lag på toppen av beda. Dette gjer eg i februar/mars.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: