Vårløk: Smått og blått mellom mengder av påskegult

Kva er det som lyser mest opp i hagen på denne tida? Påskeliljer og anna vårløk! Her kan du få sjå mine favorittar. Eg røper også koss eg har fått påskeliljer over heile hagen etter bare å ha kjøpt ti løkar….
BLÅSTJERNE (Scilla): Eg elskar denne! For ein blåfarge! Spreier seg, og takk for det!

VÅRPRYD (Puschkinia): Yndig! Den vanlegaste fargen er bleikblå med mørkare stripe i kronblada. Her ser du “Alba” som er kvit med blå stripe.

SNØSTJERNE (Chinodoxa): Kanskje den vakraste av dei alle? Eg har planta mine nær terrassen, slik at eg kan sitja i solstolen og nyta synet.

PERLEBLOM (Muscari): Himmelblå, lyseblå, blå med lilla “hatt”, her er ulike å velja mellom. Eg har nokre her og nokre der i staudebedet, men denne fekk stå i ei potte ved inngangen i selskap med ranunklane og stemorsblomane og den kvite, velduftande påskelilja “Bridal Crown”.

VÅRANEMONE (Anemone blanda): Avløyste snøklokkene og klosterklokkene alt i midten av mars. Små svarte rotknollar som eg planta for mange år sidan. Likar seg godt heilt bak i hagen (på norsida) under ei bjørk med litt lauv om røtene. Altså ikkje kvitveis som formerer seg med rotstokkar. Likar å stå i ro i mange år.

PÅSKELILJER, påskeliljer, påskeliljer: Dei fyrste løkane sette eg for snart 30 år sidan. Ti løk av dei store og kraftige “Golden Harvest”.

Nå veks dei rundt om i heile hagen. For etter nokre år spar eg opp ei tuve – for då har løkane delt seg og blitt fleire. Blir dei ståande slik, får du mindre bløming med åra, for det blir for “trangt” for dei. Så spa dei opp og sprei ut løkane, då får du både mange fleire og rikare bløming.

Dei fyrste påskeliljene som kjem, er dei små som “February Gold”, “Tête-à-Tête” og “Jetfire” (med oransje trompet). Flottaste er dei som veks under bærbuskhekken på Leikeplasshagen.


LES OGSÅ:
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Alt som blømer tidleg vår er så fint.Har problem med mykje av løkvekstane,dei frys og rotnar.For fuktig,og så kjem frosten.Så leit,for løkbløminga er jo vår.
Ja, mykje glede med vårblømande løkar. Så dumt at dei rotnar! Legg grus i planteholet. Eller plant i potter og set dei ein stad dei ikkje blir så våte.
Takk for god tips og flotte bilder. Når deler du påskeliljene og hvor gamle bør de være? Hvordan får du blåstjerne, scilla o.l til å spre seg?
Takk! Deler påskeliljene ETTER bløming. Ellers ingen regel. Etter nokre år: Når du treng fleire løkar andre stader. Når du lagar nye bed. I alle fall når du ser tuene er tette og bløminga avtar (blømer dårlegare enn året før). Scilla spreier seg av seg sjølv…