Mine elskede vårstauder

Mine  elskede  vårstauder

Som eg gledar meg over dei fyrste blomane i hagen! Kom, så skal eg visa deg mine favorittar blant dei tidlegaste vårstaudene.

FLEKKLUNGEURT (Pulmonaria saccharata): Den aller fyrste stauden som kom i år. Får fyrst rosa, så himmelblå blomar. Sølvflekkete blad. Likar seg best i næringsrik jord med jamn fukt og i halvskugge. (på bildet øverst i blogginnlegget).

Vårkjærminne på skrinn jord under postkassen. Fotos: Margunn Ueland

VÅRKJÆRMINNE (Omphalodes verna): Uskuldige, små himmelblå blomar, minner om forglemmegei. Veks som eit lågt teppe over bakken. Villig. Vil helst ha lett skugge og jamnt fuktig moldjord (då spreier dei seg lett), men klarer seg også i sol og tørrare jord.

Gravmyrt greier seg på ein tørr topp heilt bak i hagen.

GRAVMYRT (Vinca minor): Ein annan såkalla «bunndekkar» som spreier seg lett på fuktig jord i halvskugge. Tøffing som greier seg der andre må gje opp. På milde vintrar her sør held dei blanke blada seg grøne også om vinteren.

Gullkorg, svært lette å formera.

GULLKORG (Doroncicum orientale): Lyser opp i beda frå starten av april. Lette å dela – deler du ei tuve i fem når bløminga er over, har du fem flotte tuver neste vår. Visnar ned etter bløming, blir altså ikkje ståande lenge med grøne blad etterpå.

Stauder eller grønsaker? Ja, takk, begge deler! (Foto: Jan Inge Haga, juni 2018)

Ja, eg er hekta på grønsaksdyrking, men dei siste staudebeda mine har eg ikkje tenkt å gjera om til kjøkkenhage, nei! Blomar må me ha, både me menneske og insekta. Så mykje glede det gir!

Det fantastiske med stauder er at det finnes så mange ulike å velja mellom, nokre som likar seg på våt jord, andre på tørr jord, nokre i sol, andre i skugge, store, høge, små, kraftige, ulike former og fargar både på blomar og blad. Ja, og så blømer dei til ulike tider. Det er det eine.

Det andre er at dette er som ei minnebok, ei samling av levande planter eg har fått frå folk eg er glade i:  Far, faster, syskenbarn, naboar, vener. Så har eg planta og formert/delt, planta om og delt i 30 år…  Og far og faster hadde fått fleire av sine frå bestemor.

Då må eg jo ta godt vare på dei!

LES OGSÅ:

FYLL KRUKKENE MED VÅRBLOMAR SOM TOLER FROST

TAKK, KJÆRE FAR

GUL GLEDE I APRIL

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: