Simsalabim, i år blir det masse løk!

Simsalabim,  i  år  blir  det  masse  løk!

Løk er lett å dyrka og du kan stor avling på liten plass. Nora (3) får det til, då kan du også! Og som me kosa oss mens me heldt på!

Eg hadde eigenleg tenkt at eg bare skulle setja mesteparten av setteløken rett ut, altså stappa han ned i beda, men så banka nabojenta på døra. Om me ikkje skulle finna på noko gøy i Leikeplasshagen?

Klart det! Me hadde jo kjøpt masse setteløk, – me kunne jo tjuvstarta med halvparten..

Nora fyller sandblanda kompostjord i kassar og brett. (Fotos: Margunn Ueland)

Fram med kassar og store pluggbrett og ei stor bøtte heimelaga kompostjord. Tenk, molda var blitt til av visne blomar og blad! Nora redda nokre meitemarkar frå bøtta og la dei fint i tulipanbedet, så rørte ho inn sand – me måtte spe ut kompostjorda litt.

Med ei spade fylte ho jordblandinga i kassar og brett.

Gule, røde, rosa og sjalott

Kvar sommar angrar eg på at eg ikkje sette meir løk, så i år hadde me kjøpt fire posar av kvar sort:

Størst og rundaste var dei gylne sjalottløkane. Trinne og runde var også dei små setteløkane som skal bli vanleg gul løk. I år hadde me også kjøpt ein ny sort gul løk som skal bli lett rosa inni. Og sjølvsagt måtte me ha rødløk. Desse var minst og litt halvlange.

Var der nokre mjuke setteløkar i posane, kasta me dei i kompostbingen.

Den spisse enden på løken skal stikka litt opp av jorda. Mamma Marte Bøe lagar passelege hol med fingeren.

Mamma Marte laga holer med peikefingeren, så stakk Nora ned løkane, ein etter ein. Med tuppen opp.

Rosa gul løk sto det på pakken med 250 gram setteløk. Det blei nok til to store pluggbrett, 110 løkar.
Gul setteløk. I ein pose på 250 gram var der rundt 35 løk.

Så breidde me på litt ekstra jord, men passa på at tuppen så vidt stakk opp or molda.

Til slutt fekk alle ein god dusj med vannekanna (vannekanne med sil).

Rosa tryllestav

Plutseleg sprang Nora av garde og kom tilbake med ein rosa tryllestav: Ho svinga staven over løkane: «Simsalabim, nå må dokke gro!»

Ei handfull setteløk vart til overs. Dei stappa Nora ned i enden av det eine tulipanbedet. Sånn, nå får me testa koss det går.

Resten sparer me til temperaturen stig. Då er det bare å stappa dei ned i bedet – eller beda. Må nok ta i bruk fleire bed i år til løk.

Kraftige spirer

Så bar med bretta og kassane med setteløken inn i drivhuset.  Der skal dei få stå til me er sikre på at det ikkje blir frost meir.  Det var så vidt me fann ledig plass mellom georginepotter, baljar med reddik, salat og spinat, kassar med poteter til groing, små tomatplantar og grønsaksspirer.

Kraftige spirer frå gul setteløk som eg sette i denne kassen den 25. mars i drivhuset. Til venstre spirer bondebønnene.

Men sjå dei store, irrgrønene spirene som vaks ut av – ja, nettopp: Setteløk! Nei, det var ikkje Nora sine som hadde spirt tryllefemagisk fort. Det var eg som fall for freistinga til å fylla nokre kassar med setteløk veka før ein dag sola lyste så forlokkande.

Slapp av!

Som du ser spirer setteløken fort, så du treng ikkje skunda deg ut og gjera det same som oss. Har du ikkje drivhus, så vent til faren for frost er over og stapp løken rett ut i bed og pallekarmar. Lettare kan det knapt bli!

Frå kjøkkenhagen din besøk av mange fuglar og kattar, kan det vera lurt å dekkja over løkbeda med ein fiberduk i starten så løken får stå i fred til han har danna røter og ikkje er så lett for fuglane å nappa opp.

LES OGSÅ:

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Simsalabim, i år blir det masse løk!”

    • Ut i bed når jordtemperaturen er rundt 5 grader, dvs. som regel i starten av mai her i Stavanger, i fjor tok eg sjansen den 19. april. Ikkje djupt. Tuppen skal så vidt stikka opp. Dei eg sette i fjor den 19. april var klar uti juni.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: