Kom på kjøkkenhageforedrag!

Kom på kjøkkenhageforedrag!

Hei! I siste del av april skal eg delta på seks arrangement i Stavanger, Sola, Rennesøy og Hjelmeland.  Fem før påske, tre av dei komande veke. Kanskje du finn eit du har lyst å koma på? Her er oversikt:

STAVANGER: Tysdag den 2. april: Arrangør: Felleskjøpbutikken i  Stavanger. Tema: “Kjøkkenhage og poteter med Margunn Ueland”,  har arrangøren kalla foredraget.  Stad: Felleskjøpbutikken i Hillevåg. Tid: Kl 18:00. LES MEIR HER. Dessverre ikkje plass til fleire enn dei rundt 100 som har meldt seg på.

Tid for å skaffa seg settepoteter og leggja dei til groing!

STAVANGER: Onsdag den 3. april. Ekstra foredrag i Aftenbladet sidan det fyrste blei så fort fullt. Arrangør: Stavanger Aftenblad. Tema: Oppteken av sunn og god mat? Miljøbevisst? Då er kjøkkenhage tingen! Kom, sjå, høyr og lær koss du kan få det til enten du har stor eller liten plass og til trass for at du har små barn og dårleg tid. Stad: Nykirkebakken 2. Tid: Klokka 18. LES MEIR OG BESTILL BILLETT HER.

Mariell på Selvåg hagesenter har gjort klar pallekarmar me skal planta i. Spørs om me ikkje må planta salat og urter…

STAVANGER: Torsdag den 4. april: Arrangør: Selvåg gartneri og hagesenter.  Tema: “Kjøkkenhage – du får det til!” Eg held fyrst eit inspirasjonsforedrag, så vil eg og Mariell Klungtveit demonstera kordan du kjem i gong. Mariell er ein herleg hageentusiast som jobbar på hagesenteret. Kanskje du kjenner ho frå @hageninr11 på Instagram og frå Hafrsfjord hagelag?  Stad: Selvåg gartneri- og hagesenter. Tid: Klokka 18. Alle velkomne!

SOLA: Måndag den 8. april: Arrangør: Urban Natur. Tema:  Dyrka eigne godsaker? Kjøkkenhage! Nyttige tips om korleis du får til dyrking i eigen hage. Stad: Drivhuset, Forusbeen 337 (“Gamle Plantasen”/Lokal Base). Tid: Klokka 19.  Enkel servering og god tid til spørsmål, samtalar og nettverking.

Gardsutsalet på Klostergarden held til i eit utruleg flott renovert naust.

Bokbad på Klostergarden

MOSTERØY: Den 13. april. Arrangør: Klostergarden. Tema:  BOKBAD. Redaktør Bothild Å. Nordsletten i Bondevennen vil snakka med meg om boka “Margunns kjøkkenhage”; om å dyrka sin eigen mat, miljø/klima og ressursutnytting.  Stad: Gardsutsalet på vakre Utstein gard ved Utstein Kloster. Tid: Klokka 15. Ope for alle, men obs, begrensa med plass.

Utstein Kloster på Mosterøy.

HJELMELAND: Den 25. april. Arrangør: Galleri Hagalid. Tema: Mat som gir energi og glede. Stad: Galleri Hagali som har vårutstilling den 6.-28. april.  Tid: Kl 18:00.

På alle desse møta/arrangementa vil det bli høve til å få kjøpa boka “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt”. 

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Kom på kjøkkenhageforedrag!”

    • Takk, kjære deg, travelt nok her så langt… _har halde 16 foredrag i februar og mars (dei fleste i mars). Kanskje det blir ein gong? Ikkje eg som arrangerer. Eg svarar bare ja til dei som spør så sant eg har anledning.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: