Fantastiske grønkål

Fantastiske grønkål

Ingen grønsak imponerer meg meir enn grønkål. Her står eg og knaskar på nye, møre, knallgode blad som veks ut i toppen av planten, mens eg pukkar inn dei største nederste blada  til juicaren. Så knasande sprø at det knitrar. Tenk, i fjor vår var alt dette bare ein liten prikk av eit frø! Av dette eine frøet skal det i sommar bli tusenvis av nye frø. Og i drivhuset står nusselege, nyprikla grønkålspirer.

For etter å ha stått grøn og frodig heile hausten og vinteren – ja da, toler godt kulegrader – skyt nå grønkålen ut det eine blomeskotet etter det andre: Gourmetbrokkoli! Eg jafsar i meg eitt her og der, vel vitande om at det vil koma mange fleire.

Knas, knas… (Grønkålselfie)

Eg har sjølvsagt tenkt å spara nokre, då vil dei bli til hundrevis av små gule blomar. Og kvar blom blir til ein liten frøbelg- med rundt ti små, svarte frø.

Slik blir eitt frø til tusenvis! For ein rikdom! “Sørg alltid for å ha ein pose med grønkålfrø i kjøleskapet”, burde det ha stått i brosjyra styresmaktene har utarbeidd til bruk for oss når det blir skikkeleg krise og katastrofe.

“Man tager hva man haver”, sitron brukar eg alltid. Gjerne også appelsin eller eple eller ananas. Også godt med enten mynte eller ingefærrot.

Juice, ja: Oppskrift?

He, he. Stapp så mange  store grønkålblad du vil bruka (trur eg plukka 8) i sentrifugejuicaren saman med 1 økologisk sitron med skal. Spe så med så mange appelsinar og/eller eple du synes må til for å få god smak. Smak undervegs. Vil du ha ein spiss på juicen, tilset ingefærrot.

I dag hadde eg ikkje att fleire eple, så då spedde eg liksågodt med heimelaga kombucha. Smart! Null sukker i kombucha (fermentert te), men masse probiotika (gode bakteriar). Det er det forresten også på nyplukka og usprøyta grønkål.

Grønkåljuice med bobler! Kjekt å ha heimelaga kombucha i kjøleskapet.

Så nå sit eg her i drivhuset og nikosar meg med usannsynleg sunn juice og kjenner energien stig  mens eg beundrar dei nyprikla kålspirene mine. Så klart eg har sådd grønkål! Går rett og slett ikkje an å ha ein sesong utan.

Har sådd to sortar som skal plantast ut i vår: “Red Russian”/”Ragged Jack” som ser ut som store eikeblad med lilla bladnerve og den afrikanske, glattblada “Sukuma Wiki”.

Desse er mindre “seige” enn den kraftige, krusete, vanlege grønkålen. Dei smakar som ein mellomting av salat og grønkål.

Før prikling. Sjå kor godt dei trives i heimelaga kompostjord.
Etter prikling. Den russiske grønkålen til høgre. Er dei ikkje utruleg søte, vel? Nei, nei, alt dette er ikkje grønkål. Mesteparten er knutekål.

Du treng ikkje mange plantar, for det blir store mengder mat av bare nokre få: Eg sår tidleg i mars i drivhuset og plantar ut i månadsskiftet april/mai. Då kan eg alt i slutten av mai plukka inn dei fyrste blada.

NB! Ikkje ta inn ein heil plante, plukk eit blad her og eit blad der.  Så veks nye ut. I månadene som kjem kan du hausta bøttevis frå kvar plante. Ja, fyrste året eg dyrka grønkål, måtte eg gå til innkjøp av ei ekstra fryseboks. Og ja, fryseboksen blei full…

Sursøte gule og grøne frukter er godt i grøne smoothiar. Denne er laga med den russiske grønkålen. Og nei, det smakar ikkje kål, men tropisk! Du finn smoothieoppskrifter her på bloggen. (Fotos: Margunn Ueland)

Kvifor ha grønkål i fryseboksen, når dei kan stå ute heile vinteren? Fordi det er lettare å ty til. Det er enklare å bare åpna fryseboksen og ta ut ein pose når eg skal laga middag og smoothiar, enn det er å gå ut på våte, mørke og kalde vinterkveldar og – morgonar.  Dessutan synes eg dei er så flotte at dei måtte få stå i fred som “pynt” i vinter. Men nå treng eg snart plassen til nye vekstar..

HER ER NOKRE OPPSKRIFTER MED GRØNKÅL:

Lettvint indisk gryte

Min beste lasagne

Smoothie: Tropisk kokolime

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



2 kommentarar om “Fantastiske grønkål”

  • Hei!
    Du er så dyktig at jeg blir sittende å se på din hage istedet for å gå ut i min egen å jobbe😁Fantastisk nydelig blogg med en vakker ordlyd!
    Jeg har grønnkål/kålplanter for 2.året i små pallekarmer med egen bokashijord som jeg dekker med plenklipp-effekten er mildt sagt imponerende!
    Men et par spm.:
    -Jeg napper av blader,ett her og ett der,gjennom sommeren på alt av kål:Grønnkålen,rosenkålen,brokkolien og savoyen.
    Brenner for at folk skal forstå man kan spise rosenkålblader og!maks utnyttelse!
    Har ikke så mange planter som deg.
    Er SVÆRT glad i kål og har ett stort forbruk og ser nå at Alle kålplantene mine står på en «påle» for jeg har tatt blader underveis (vel og merke har jeg holdt meg litt i skinnet med savoyen siden den skal «knute» seg)
    Gjør dette noe?
    Tar jeg for mange bladet for ofte av de ytterste?
    Svekker det plantene?
    Pleier du stengle etter en stund?
    Kan dette ha noe å si for f.eks.brokkolien?
    Og så lurer jeg VELDIG på hvordan du gjør når du fryser grønnkålblader,jeg hater å forvelle,og lurer på om jeg bare kan fryse hele blad etter vasking (antar jeg)?

    TAKKER og bukker for en NYDELIG blogg!Alt godt!

    • God kveld! Tusen takk for ei uvanleg hyggeleg tilbakemelding! Bokashi og dekke av plenklypp er aldeles supert! Takk for tips om å eta rosenkålblad – det har eg ikkje gjort før! Forstår godt du er glad i kål, både vakre, god smak, stappa med næringsstoff, harføre osb. Og så mange ulike! Eg plukkar også blad jamnt og trutt av grønkål og svartkål, men har ikkje gjort det på andre slag kål, så der har du meir erfaring enn eg! Rådet mitt er derfor: Sjå på plantene, veks dei bra, trives dei? Då går det vel bra, men ikkje overdriv. Viss dei sturer, plukk færre blad. FRYSING: eg riv det grøne av stilken/den tjukke bladnerva, puttar dei i store plastposar og har dei i stor fryseboks. Forvellar ikkje, hakkar ikkje. Når dei er frosne, er det bare å banka på posen, så blir grønkålen knust (som finhakka!). Eg vaskar bare blada viss dei ser skitne ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: