Slik dyrkar du poteter

Slik dyrkar du poteter

Eg smiler frå øyre til øyre. Settepotetene er i hus og lagt til groing. Er eg heldig, får eg 100 kilo nypoteter av knollane du ser her. Er det ikkje fantastisk? Dette må du bare prøva. Ta ungane med!

Kvifor skal du bala med å dyrka jordeple (poteter) når du kan kjøpa dei billig i alle matbutikkar? Fordi du får vera med på eit eventyr.

Tidlegpotet “Arielle” sette eg i midten av april i fjor. Dei til venstre har fått forgro nokre veker fyrst, dei til høgre hadde eg “tjuvstarta” ei ein kasse med jord i drivhuset før utplanting, slik at dei hadde både blad og røter. (Foto: Margunn Ueland)

Du puttar ei gamal skrukkete potet ned i jorda. Så ventar du tre-fire veker i spenning, til grøne blad kjem opp or jorda. Dei neste vekene veks det så du kan sjå det mest dag for dag. Grøne stenglar og blad. Ein vakker dag oppdagar du små, nydelege blomar.

Sjå så mykje det har vakse siden midten av april! Dette biletet tok eg den 8. juni i fjor.

To-tre veker etter dei stoppar å bløma, kan du la ungane dra i stengelen mens du varsamt stikk ei greip ned i jorda for å hjelpa planten opp – og sjå der! Så mange poteter!  Tenk, den eine poteta har blitt til minst ti nye! Og så godt som dei smakar!

Åj, åj, åj! Mina (13) haustar sine fyrste poteter. Alle bileta i dette innlegget er tekne av fotograf Jan Inge Haga ein dag tidleg i juli då barnebarna Mina, Håvard og Maja var med i kjøkkenhagen.

Potetene etterlet seg laus og god jord som du kan bruka til å planta ut kål, grønkål, bladbete, rødbeter, fennikel og anna snadder som kan veksa resten av sommaren og ut over hausten, ja grønkål og mange kålsortar greier seg fint om vinteren også.

Sats på dei tidlege

Her er mange ulike sortar poteter å velja mellom: Nokre blir ferdige tidlege, nokre seint, og nokre midt i mellom. Eg likar best å dyrka dei tidlege. Både fordi at då kan eg utnytta plassen til andre grønsaker etterpå, men også fordi at eg unngår sjukdom på plantene.

Utpå sommaren når det blir varmt og fuktig, kjem nemleg soppsporene fykande som fører til tørråte, du ser det som brune flekkar på bladene.

Dessutan er det jo mest stas med dei tidlege potetene….

Jordeple/poteter er gildt å dyrka! (Foto: Jan Inge Haga, juli 2018)

“Arielle” heiter ein tidleg sort som eg har dyrka tre år på rad med godt resultat: Friske, fine planter, stor avling.

I år har eg derfor kjøpt 5 kilo av desse (69 poteter). Då eg stod på stand ved sida av Rogaland hageselskap sist helg, vart eg freista til også å kjøpa eit halvt kilo av ein annan tidleg sort “Solist”. Den har eg ikkje prøvd før. Den er rundt to veker seinare enn “Arielle”, kunne Henry Tendenes i hageselskapet fortelja.  Eit halvt kilo var 19 poteter.

Kor stor plass treng eg då?  5 kilo til 20 kvadratmeter er det ein reknar viss du set potetene med ein avstand på 20-30 centimeter. Eg set dei med maks 20 cm avstand.

Andre tidlege sortar er “Aksel” og “Rutt”.

Dette er sortane eg dyrka i fjor. Eg var mest nøgd med “Arielle” og “Van Gogh”. (Foto: Margunn Ueland)

I fjor dyrka eg sju ulike sortar. Les meir om det her: “Jippi, sju sortar settepoteter!”

Kva tid kan me setja potetene?

Settepotetene kjem vanlegvis i butikkane i slutten av mars. Då legg eg dei til forgroing. Dette skal helst føregå lyst og på temperatur 10-12 grader. Eg legg dei i kassar og stiller dei under benken i drivhuset. Etterkvart vil det gro fram mørkegrøne “museøyre”/små bladskot på potetene.

Lyst og 10-12 grader er ikkje lett å få til i våre moderne hus utan kjellar. Men det er ikkje så nøye. Du  kan også planta dei rett ut utan forgroing.

Kva tid? Den som hadde eit enkelt svar på det! Det kjem sjølvsagt an på koss klimaet og jorda er der du bur,  kor tid faren for frost er over, og om du vil “gambla” eller vera på den sikre sida.

Det er ikkje så farleg om det kjem lett frost etter at du har sett potetene så sant dei ikkje har kome med blad over jorda. Men blir det  minusgrader etter at blada har kome opp,  går det ikkje bra.

Her i Stavanger kan me vanlegvis ikkje kjenna oss trygge for at me unngår nattefrost før i starten av mai. Nokre år, kan det gå lenger tid, andre år kortare. I fjor sette eg potetene i midten av april.

Sidan det tek om lag fire veker frå du legg potetene til forgroing til dei får “museøyre”, bør det vera trygt her sør å planta dei rett ut alt nå, tenkjer eg.

Kor djupt? 7-10 cm.

Men førebels har eg nå lagt dei til groing i kassar i drivhuset. Eg sjekka nyss YR og såg det skulle bli minusgrader den 1. april.

Eksperimenter!

Kan godt vera eg gjennomfører eit eksperiment: Det vil seia at eg set ut nokre i starten av april og ventar med resten. Så får eg sjå kva for nokre som blir ferdige fyrst. Eg gjer ofte det viss eg er usikker: Testar det ut. Skaffar meg ei ny erfaring.

“Tjuvstart”. Settepotet forgrodd i kasse med jord i drivhuset før utplanting. (Foto: Margunn Ueland)

I fjor eksperimenterte eg med å leggja nokre av settepotetene i ein kasse med jord i drivhuset, slik at dei danna både røter, små stenglar og blad før eg planta dei ut. Tanken var at dei ville bli ferdige før dei som bare var forgrodde på vanleg vis (i kassar utan jord). Men nei, sjølv om dei hadde fått dette forspranget, var der liten om ingen forskjell når potetene skulle takast opp. Ergo var det ikkje verd bryet, konkluderte eg.

Ein av fordelane med å dekka jorda, er at vatnet ikkje fordampar så lett. I fjor var det viktig, så varmt og turt som det var! Du slepp også luking. Det er også lett å sjekka om potetene er klare, det er bare å skuva til sides dekket, og stikka handa ned og kjenna etter. (Foto: Margunn Ueland)

Hypping og dekking

Den tradisjonelle måten å dyrka poteter på, er å grava ei 7-10 centimeter djup renne, og så leggja ut forgrodde settepoteter med ein avstand på 20-30 centimeter. Når bladverket er rundt ti centimeter høgt, skal du “hyppa”, det vil seia dra opp jord rundt plantene slik at dei blir ståande i ein haug jord.

I staden for hypping pleier eg å dekkja med gras (plenklypp frå min og naboane sine hagar. I fjor og året før fekk eg også ein rundballe frå ein bonde). Det går også fint å blanda graset med lauv.

Bruk bare godkjente settepoteter

Det er ikkje lov å bruka poteter du kjøper i matbutikkar, du må bruka sertifiserte settepoteter. Dette for å unngå sjukdom på plantene som lett spreier seg. Sertifiserte settepoteter frå du kjøpt på Felleskjøpet sine butikkar og på hagesentra.

Poteter veks godt i lag på lag med planteavfall.

Prøv dette!

Du treng ikkje ha eit bed ein gong for å dyrka poteter. Har du ein bit av plenen du kan ofra? Du treng ikkje grava.  Legg ut eit tjukt lag våte aviser oppå graset. Less på med organisk materiale (lauv, visna ugras, plenklypp osv). Legg ut settepotetene. Dekk med nytt lag organisk materiale. Hald fram med å dekka etterkvart som det blir nedbrote/kompostert. Lettare kan det ikkje bli!!!!  Avisene vil kvela graset, for så å bli komposterte. Røtene på potetene kan så veksa lenger ned i jorda.

LES MEIR OM DET HER

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Slik dyrkar du poteter”

  • Veldig kjekt innlegg!
    Sjølv skal eg setta poteter for første gong i år!, kjøpte ein sort som heiter «hassel», skal vera ein tidlig sort. Eg skal sette potetene i murarbaljar og bøtter. Håper det blir bra!. Ungane på 3 og 6 år skal sjølvsagt vera med 🙂

    • Tusen takk! Så gøy at du skal setja poteter! Går sikkert bra, ei settepotet i kvar. Jo større plass, jo fleire poteter får du, eg hadde satsa på fleire murarbaljar enn bøtter.. “Hassel” høyrest ut som ein god sort (eg tenkjer på hasselnøtter, he,he), men den har eg aldri prøvd. Lukke til!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: