Slik får du rik bløming for få kroner

Slik får du rik bløming for få kroner

I år skal det bugna av blomar i kjøkkenhagen! Planen er å fylla eit stort bed med georginer (Dahlia). Det som var fire rotknollar i 2017, har nå blitt til 24.  Kvar vil gje hundrevis av blomar frå slutten av juni til frosten kjem.  Her skal eg visa deg kordan du gjer det.

Slik såg det ut sommaren 2017: 1 rosa, 2 røde og ein mørkerød georgine:

Lag deg ei korg med georginer!

Rett før frosten kjem, skjer eg ned georginene og tek opp rotknollane. Eg tørkar dei og legg dei i ein kasse eller papirsekk i ein frostfri garasje eller kjellar over vinteren. I slutten av mars, deler eg kvar knoll i fleire og set dei til driving: Det vil seia: eg plantar dei i potter og set dei i drivhuset. Alternativet er innandørs. Set du dei inne, må du flytta dei ut, straks dei får grøne blad.  Blir det frost, må du ta dei inn.

Så plantar eg dei ut når faren for frost er over på ein solrik stad i god jord.

Sommaren 2018 såg  framsida av georginebedet slik ut, då var dei fire blitt til ti:

Georginene blømer rikt heile sommaren, heilt fram til frosten kjem. (Foto: Margunn Ueland)

Og her er bedet frå den andre sida:

Solhatt og Zinnia fremst i kassar, georginer ba i firkantbed. (Foto: Margunn Ueland)

Så store var knollane då eg tok dei opp i fjor haust:

Dei rosa georginene som vaks fremst hadde utvikla svære rotknollar. (Foto: Margunn Ueland)

Nå var det på tide å dela knollane på ny og setja dei til driving:

Her ser du eg har delt ein stor knoll i mange mindre:

Ein knoll så stor som den til venstre er her delt opp i mange. (Foto: Margunn Ueland)

Far min pleide å gjera dette så lett som bare det med dei sterke nevane sine, men eg må jammen riva og slita ei god stund før det løysnar. Men har du fyrst fått delt dei i to og tre, går det lettare å dela resten. Dei to største røtene måtte eg bruka ei kvass spade på for å få delt. Då blir delar av røtene skada, dei delane kastar eg.

Så er det bare å planta kvar rot i kvar si potte med god jord.

Ein annan diger knoll delte eg i seks store og fire små.

Det som var ein georgineplante i fjor, skal bli til ti i år. (Foto: Margunn Ueland)
Nå er det ikkje plass til fleire potter med georginer under benkane i drivhuset mitt… (Foto: Margunn Ueland)

Eg planta georginene i heimelaga kompostjord. Vatna, slik at jorda er fuktig, men ikkje dassblaut. Så er det bare å venta og halda drivhuset frostfritt.

Når dei har fått ein del blad, flyttar eg dei ut i pottene slik at dei veks seg sterke og kompakte. Blir det frost, tek eg dei inn att. I mai (når faren for frost er over) plantar eg dei ut i beda.

Skulle tru eg hadde nok georginer, men likevel kjøpte eg to nye på hagemesse i helga: Ein lilla og ei oransje. Eg vil nemleg ha litt større fargemangfald.

Nye i samlinga. (Foto: Margunn Ueland)

Dei nykjøpte er så små, at dei ventar eg med å dela til neste år!

Eg veit dessverre ikkje namnet på dei rosa og røde. Dei har eg fått. Dei rosa frå far og dei røde frå faster Åsa og onkel Martin. Gildt å ta vare på planter som har vore lenge i familien!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Slik får du rik bløming for få kroner”

    • Hei! Når eg plantar ut litt store planter som eg har dreve fram i potter, greier dei seg godt, – betre enn om eg hadde planta rotknollane rett ut. Sneglar er det viktig å drepa jamnt og trutt – i vårt fuktige klima må me ut dagleg (helst morgon eller kveld).

Legg att eit svar til margunnueland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: