Mirakelbønnene

Mirakelbønnene

Har du ikkje lukkast med bønner før? Prøv bondebønner!  Det er noko av det første eg sår. Ja, eg veit at det må vera varmt i jorda for at bønner ikkje skal rotna. Bondebønner er unnataket. Det er den eine grunnen til at eg er så begeistra for bondebønner. I dette blogginnlegget gir eg deg ti grunnar til, pluss gode tips om såing.

  1. Dei har kraftige, stive stilkar, slik at dei greier seg utan støtte.
  2. Dei får nydelege, velduftande blomar.
  3. Bønnene ligg fint innpakka i belgane, som i eit vattert smykkeskrin. Det gjer det spanande for både ungar og vaksne å spretta belgane og pilla ut bønnene.
  4. Det er dei einaste bønnene du kan eta rå, men eg synes dei smakar best etter nokre minutt i gryta med ein klatt smør/god olje og litt urter på.
  5. Du får sjeldan kjøpt ferske bondebønner i butikken.
  6. Dei er fullpakka av protein og andre nyttige næringsstoff (det er alle bønner).
  7. Dei veks fort, her i Stavanger fekk eg tre avlingar på eitt år. Fyrste runde forkultivert eg: Sådde i drivhuset i mars, planta ut i april og hausta i juni/juli. Dei to andre rundane sådde eg rett ut, ein omgang i mai og ein i juni.
  8. Greier seg bra både i halvskugge og sol.
  9. Du kan både forkultivera dei (tjuvstarta innandørs) eller planta rett ut. Veldig fort gjort og lettvint å så dei rett ut.
  10. Bondebønner toler frost.
Spent på koss desse blir. Bondebønner blir kalla broadbeans på engelsk, bønnevikke på svensk og hestebønne på dansk.

Tøffingar

Å så bondebønner ute på denne tida, har eg aldri prøvd før. Men i år tok eg sjansen siste veka i februar. Sola skein så fint!  Me hadde den mildaste februar på mange tiår.  Har vore meir gufse i mars, faktisk.  Eg stakk ned nokre rødbrune bønner som eg har fått frå min gode ven Øyvind Erland mellom bringebærplantene. Tenkte dei kan støtta seg på bringebær-«hesja» om dei treng det.

For å vera på den sikre sida, stakk eg også ned nokre i såkalla «roottrainers» (djupe, smale potter) i drivhuset: 18 «Crimson flowered» frå @Cammilascountryliving (som får rosarøde blomar) pluss resten av dei frå Øyvind (dei får kvite blomar med svarte teikningar). I staden for «roottrainers» kan du bruka dorullar som du set tett i tett i ei boks.

Tidlegare år har eg sådd bondebønnene » i drivhuset tidleg i mars, for så å flytta dei ut på terrassen når dei har spirt. Så plantar eg dei ut i siste del av april. Grunnen til at eg flyttar dei ut, er at eg vil ha sterke og kraftige stilkar. Det kan bli varmt i drivhuset når sola er framme.

Ekspertråd

Denne helga var eg på seminaret «Den grøne revolusjonen» på Bryne. Der kunne den kjende engelske dyrkaren Charles Dowding fortelja at han pleier å så bondebønnene i starten av november. Då rekk dei å setja røter og spira før det blir så lite lys at veksten held opp. Bønneplantene skal bare koma nokre få centimeter opp på denne tida. Dei toler 8-10 minusgrader. Tidleg om våren tek dei til å veksa att, slik at han fekk avling i juni.

Sår du bønnene rett ut, kan du risikera at mus et dei opp før dei spirer eller at fuglar nappar dei opp når dei har spirt, påpeika Dowding. Han meinte det tryggaste derfor var å forkultivera dei (så inne, for så å planta ut).

Godt eg har nokre i reserve i tilfelle dei eg sådde rett ut blir oppetne. Eg la merke til mange kråker som gjekk og sparka og pikka mellom bringebærplantene…..

Eg legg bønnene i vatn over natta før eg sår.

Slik sår du

Før eg sår bondebønner, legg eg dei i vatn over natta.

Kor djupt skal du så? Dobbelt så djupt som bønnene er store.

Kva del av bønnene skal opp? Enden med den svarte stripa.

LES MEIR HER:

HEFTIGE BONDEBØNNER FOR BYBØNDER

NÅ ER BONDEBØNNENE KLARE, NAM, NAM

KVA MEIR HAR EG SÅDD UTANDØRS HITTIL I ÅR?

SÅ SALAT OG SPINAT I BALJAR OG KASSAR

HAR SØREN MEG SÅDD GULERØTER!

INNANDØRS HAR EG SÅDD DETTE:

ÅJ, ÅJ, – EG HAR SÅDD 16 SORTAR TOMATAR!

TAPASCHILI OG HENGJANDE PAPRIKA

SÅKALENDER:

DETTE SÅR EG I MARS, APRIL OG MAI

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: