Lyst på kjøkkenhage?

Lyst på kjøkkenhage?

Treng du inspirasjon og tips for å koma i gang? Kom på foredrag med meg! Her er oversikt for siste del av mars og i april. Merk nye arrangement i Stavanger den 3. april og på Sola den 8. april.

KLEPP: Tysdag den 19. mars: Arrangør: Klepp hagelagTema: Året rundt i Margunns kjøkkenhage. Om leikeplassen og staudehagen som blei kjøkkenhage.  Stad: Øksnevad vidaregåande skule, auditoriet. Tid: 19:30. Ope møte. 

STAVANGER: Onsdag den 20. mars: Arrangør: Våland kolonihage. Tema: Koss få fram mykje mat på liten plass året rundt? Økologisk, sjølvsagt. Stad: Kolonihagehuset. Tid: Klokka 18:30. NB! DETTE MØTET ER BARE FOR DEI SOM HØYRER TIL KOLONIHAGEN.

STAVANGER: Torsdag den 21. mars. Arrangør: Stavanger Aftenblad. Tema: Oppteken av sunn og god mat? Miljøbevisst? Då er kjøkkenhage tingen! Kom, sjå, høyr og lær koss du kan få det til enten du har stor eller liten plass og til trass for at du har små barn og dårleg tid. Stad: Nykirkebakken 2. Tid: Klokka 18. Ope møte, alle velkomne. LES MEIR HER

Nokre potter og baljar har du då plass til? Her ser du i gule baljar frå venstre: Spinat “Medania”, reddik “Københavns Torve 2”, vintersalat (fremst). I sinkbaljar: Fremst: Reddik (t.v.) og mainepe. Bakerst: Plukksalat (t.v.) og koriander. Dette biletet vart teke den 17. april 2018 av Jan Inge Haga.

STAVANGER: Fredag 22. mars, laurdag 23. mars og sundag 24. mars. Arrangør: Hage- og fritidsmessa. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage! Stad: Stavanger Forum. Tid/klokkeslett: Fredag 22. mars klokka 17. Laurdag 23. mars klokka 14. Sundag 24. mars klokka 13.  Eg blir å finna på standen til Hageselskapet Rogaland under heile messa: Fredag 12-19, laurdag 10-17 og sundag 10-17. Gildt om du vil koma og slå av ein prat, eg svarar også gjerne på spørsmål. MEIR INFO OM MESSA HER

HAUGESUND: Tysdag den 26. mars: Arrangør: Haugesund hagelag. Tema: Om kvifor du får masse energi av kjøkkenhage og koss du får det til. Stad: Karmsund videregående skole. Tid: Klokka 19. LES MER HER. Ope møte.

Den beste jorda lagar du sjølv av avfall. (Foto: Margunn Ueland)

STAVANGER:  Torsdag den 28. mars: Arrangør: Naturvernforbundet i Rogaland. Tema: Arrangøren skriv det slik i brosjyra med vårens program: “Kjøkkenhage med Margunns metode. Margunn får fram store mengder grønsaker på liten plass i sin eigen hage, men også på det som var ein overgrodd leikeplass tvers over gata. Koss kan du laga din eigen kjøkkenhage utan å grava (!) og utan å bruka korkje kunstgjødsel, sprøytemiddel eller sekkevis med torv. Metoden Margunn brukar er naturens eigen, og det er derfor den funkar så bra!” Tid: Klokka 19. Ope møte.

SOLA: Laurdag den 30. mars: Arrangør: Ølberg strandhage. Tema: Koss få fram mykje god, økologisk mat på liten plass på ein lettvint måte. NB! DETTE ARRANGEMENTET ER BARE FOR PARSELLANTANE.

Jordeple/poteter er gildt å dyrka! (Foto: Jan Inge Haga, juli 2018)

APRIL

STAVANGER: Tysdag den 2. april: Arrangør: Felleskjøpbutikken i Hillevåg. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage! Stad: Felleskjøpbutikken i Hillevåg. Tid: Kl 18:00. LES MEIR HER.

STAVANGER: Onsdag den 3. april. Ekstra foredrag i Aftenbladet sidan det fyrste blei så fort fullt. Arrangør: Stavanger Aftenblad. Tema: Oppteken av sunn og god mat? Miljøbevisst? Då er kjøkkenhage tingen! Kom, sjå, høyr og lær koss du kan få det til enten du har stor eller liten plass og til trass for at du har små barn og dårleg tid. Stad: Nykirkebakken 2. Tid: Klokka 18. LES MEIR OG BESTILL BILLETT HER.

STAVANGER: Torsdag den 4. april: Arrangør: Selvåg gartneri og hagesenter. Tema: “Kjøkkenhage – du får det til!” Eg held fyrst eit inspirasjonsforedrag, så vil eg og Mariell Klungtveit demonstera kordan du kjem i gong. Mariell er ein herleg hageentusiast som jobbar på hagesenteret. Kanskje du kjenner ho frå @hageninr11 på Instagram og frå Hafrsfjord hagelag?  Stad: Selvåg gartneri- og hagesenter. Tid: Klokka 18. Alle velkomne!

SOLA: Måndag den 8. april: Arrangør: Urban Natur. Tema:  Dyrka eigne godsaker? Kjøkkenhage! Nyttige tips om korleis du får til dyrking i eigen hage. Stad: Drivhuset, Forusbeen 337 (“Gamle Plantasen”/Lokal Base). Tid: Klokka 19.  Enkel servering og god tid til spørsmål, samtalar og nettverking.

Bokbad på Klostergarden

MOSTERØY: Den 13. april. Arrangør: Klostergarden. Tema:  BOKBAD. Redaktør Bothild Å. Nordsletten i Bondevennen vil snakka med meg om boka “Margunns kjøkkenhage”; om å dyrka sin eigen mat, miljø/klima og ressursutnytting.  Stad: Gardsutsalet på vakre Utstein gard ved Utstein Kloster. Tid: Klokka 15. Ope for alle, men obs, begrensa med plass.

HJELMELAND: Den 25. april. Arrangør: Galleri Hagalid. Tema: Mat som gir energi og glede. Stad: Galleri Hagali som har vårutstilling den 6.-28. april.  Tid: Kl 18:00.

På alle desse møta/arrangementa vil det bli høve til å få kjøpa boka “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt”. 

VIL DU FYLGJA BLOGGEN MARGUNNS KJØKKENHAGE?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: