Den store kompostguiden

Den store kompostguiden

Å gjera avfall om til jord (kompostering) er den beste måten å laga si eigen levande, gode, næringsrike, porøse jord på. Derfor har eg både kaldkompostbinge, to varmkompostbingar, og eg komposterer både i pallekarmar og i bed. Eg har også Bokashi-kompost. Ok, eg skal forklara alt her:

KALDKOMPOSTBINGE: Ein binge som står utandørs og som ikkje er tett. I denne har eg ikkje matavfall, bare planteavfall.

kaldkompostbingen min er fylt av avfall frå hagen lagt lagvis med kompost og lauv. Tjukt lag lauv på toppen. (Foto: Margunn Ueland)

VARMKOMPOSTBINGE: Ein lukka beholdar. Her i Stavanger får me kjøpt slike av kommunen. Kommunen leverer. I denne kan eg også ha matavfall. Omdanninga til kompostjord går raskare i  ein varmkompostbinge en ein kaldkompostbinge. Her kjem heller ikkje sneglar til.

I varmkompostbingen kan du sjå koss planteavfall blir omdanna til jord.

BOKASHI: Eg har kjøpt to bøtter med lokk og ein pose med “strø”. Strøet er laga av kli tilsett mikrobar. Den eine bøtta har eg ståande i skapet under vasken på kjøkkenet. Eg samlar dagens matavfall i ein boks, så har eg det i bøtta når dagen er slutt og strør på om lag ei skei med strø. Avfallet bør helst trykkjast/pressast saman/ned. Det luktar surt når du tek av loket. Når bøtta er full, set eg den til sides (i romtemperatur) i to veker. Så grev eg ei grop i eit bed eller ein pallekarm og fordeler avfallet der og grev så jorda over att. På forbløffande kort tid blir matavfallet til jord og du vil få masse meitemark.

For nokre veker sidan grov eg ned ei bøtte med Bokashi (fermentert matavfall) i dørkarmkassen.

KOMPOSTERING I BED: Når eg lagar nye bed, dekker eg staden (enten det er gras eller grus) med eit tjukt lag fukta aviser eller papp. Oppå lessar eg så organisk materiale etter lasagnemetoden: Som oftast startar eg med lauv eller halm, så tang&tare, nytt lag lauv, så eit lag gammal møkk, nytt lag lauv, deretter planteavfall (nedkutta stauder, avfall frå kjøkkenhagen, plenklypp, gras), så grovt omdanna kompost frå enten kaldkompost eller varmkompost og til slutt godt omdanna kompost.  I februar toppar eg beda med eit lag gammal sauemøkk eller hestemøkk. I mai plantar eg så ut småplanter eg har ala opp i drivhuset.  Om sommaren dekker eg beda med gras (alle naboane har fått streng beskjed om at plenklyppet skal leverast til Margunns kjøkkenhage). Om hausten legg eg på lauv på toppen.

PS: Då eg laga bed på den delen i Leikeplasshagen kor der var sand, starta eg med ein stor haug med kvistar. På denne tømde eg flis (oppkverna greiner). Eg hadde til og med nokre tjukke skiver av oppskårne bjørkestammar heilt i botnen. Kvifor? Den viktigaste grunnen var at tre held på  fukt (sand blir fort tørt).

Leikeplasshagen. (Foto teke den 8. juni 2018 av Jan Inge Haga).

KOMPOSTERING I PALLEKARMAR: Same metode: Eg brukar to doble pallekarmar. Den nederste fyller eg med lauv, tang, lauv, møkk, lauv,  planteavfall.  Så legg eg på ein pallekarm til, fyller nederste del med grov kompost og øvste del med godt omdanna kompost.  Gjer du dette om hausten og/eller tidleg på våren, kan du dyrka i det til våren.

LES MEIR OG SJÅ FLEIRE FOTOS OM PALLEKARM-METODEN HER. 

Sjå på den porøse, svarte, fine molda! Tenk det var avfall i fjor!

Naturens metode

“Margunns metode”, har leiar Erik Thoring i Naturvernforbundet i Rogaland kalla dette. Men det er naturens metode. Eg hermer bare etter naturen. Det er slik jord blir til: Lauv, planter som visnar ned om hausten osv blir omdanna til jord av meitemarkar, andre småkryp du kan finna i jorda, og av uhorvelege mengder med bakteriar, soppsporer og andre mikroorganismar.  I ei handfull levande jord er det fleire mikrober enn det er menneske på jorda.

Jo meir mangfaldig liv det er i jorda, jo betre jord og jo betre trives plantene. Dei lever nemleg i eit tett samspel, dei hjelper kvarandre. Mikroorganismene gjer all næringa som fins i jorda lett tilgjengelege for planterøtene. Dei vernar også plantene mot sjukdom.

Når du grev (pløyer, brukar jordfresar eller spade), brukar kunstgjødsel og sprøytemiddel forstyrrar, svekkar og øydelegg du mykje av dette. Dermed blir jorda kompakt, mindre næringsrik og plantene likar seg dårlegare og blir meir utsette for sjukdom.

I naturen ser du heller aldri naken jord: Bare når det har vore katastrofe (brann, ras, flaum osv). Sett med naturen sine auge, med jordlivet sine auge, er naken jord ille: Meir utsett for  uttørking og utvasking. Og det er i det øvste såkalla humuslaget at det er mest liv og mest næring. Altså må naturen ila til med førstehjelps-styrkene: Ugras. Ugraset sin jobb er å raskast mogeleg dekka naken jord.

Med “Margunns metode” som altså er naturens metode (også kalla permakultur) dekker me derfor alltid jorda. Då både forhindrar eg ugras, eg matar livet i jorda (dei må stadig ha nye forsyningar) og eg forhindrar at mykje vatn dampar opp i lufta når det er varmt og tørt.

Når det er vått og kjøleg, likar også plantene seg i slike kompostbed/kompostkarmar: Har du opna loket på ein varmkompostbinge? Nokre gonger er det så varmt at det ryk og dampar. Det dannar seg nemleg varme under komposteringa. Dessutan blir slik jord porøs, slik at vatn lett kan renna gjennom.

Jo meir du dyrkar, jo meir materiale får du til å laga ny jord av. Tenk bare på alt potetriset du får når du dyrkar poteter, på svære blad og stenglar frå graskar, for ikkje å snakka om høge solsikker og maisplanter osv osv.

Etter kvart som materialet blir omdanna til jord, synk bedet saman, det vil seia at ein stor haug med avfall blir til ein mindre haug med jord. Altså må du stadig leggja på nye lag.

Leikeplasshagen blei anlagt mars/april 2017. Nå har eg kome opp i god høgde på beda. Men jo djupare jord, jo betre..

Thore Refve hjalp meg til og med med å fordela komposten på toppen av beda.

Testar kjøpekompost

Derfor fall eg for freistinga og kjøpte eit heilt lass med ferdig kompostjord her om dagen. Thore Refve er ein ung bonde som saman med faren har laga eit kompostanlegg. Det blir nemleg store mengder med avfall i landbruk og gartnarnæringa, og dei tenkte det var for ille at det går til spille når det kan bli så mykje god jord.

Thore kom på besøk til Margunns kjøkkenhage i fjor sommar, for han villa sjå og høyra om koss kompostbeda mine fungerte.  Me snakka kompost i minst ein time!

Reve kompost leverer ikkje til einskildpersonar dessverre, men her i Stavanger kan du få kjøpa Reve-kompost i laus vekt på Hove plantesalg. I fjor skaffa eg meg eit lass av det for å prøva ut koss det var samanlikna med min eigen heimelaga kompost. Testen blei ikkje særleg “vitskapleg” for eg enda opp med å blanda min eigen med den kjøpte. Revekomposten var nemleg for sterk til å planta småplantar i, den måtte blandast. Eg brukte derfor denne komposten som blanding i nye pallekarmar og bed. Veksten var svært god.

I år ville eg prøva Revekomposten brukt på  anna vis, som toppdekke på beda i Leikeplasshagen. (I fjor brukte eg halm frå kalvebingar og gras frå ein rundballe som eg fekk frå ein gild bonde.)  Og jammen sa Thore ja til å levera meg eit lass (eg betalte for komposten, han sto for frakt).

Så nå ligg eit svart kompostdekke på kvart eit bed i Leikeplasshagen.  Blir neppe mangel på næring i desse beda…

LES MEIR HER:

UNNGÅ GRAVING OG LUKING, GJER DET LETTVINT

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



7 kommentarar om “Den store kompostguiden”

  • Takk for all kunnskap du deler – inspirasjon og forbilde.

    Saken er at jeg verken lager kompost eller har mye biologisk naturmateriale å bygge opp bed med. Selv bor jeg i et borettslag og har bare en liten plenflekk ca 5×8 m hvor jeg har lyst til å få til noe. Men siden jeg bor i midten føler jeg meg “sett” på hele tiden og kan ikke begynne med for store greier der. Tenker på hvordan jeg kunne fått til en skjermet sone, men finner ikke helt ut av det…
    Men la oss si jeg har en plenflekk som har ligget brakk i mange år, hvordan kan jeg begynne å dyrke der på best mulig måte? – om jeg ikke har så mye å bruke av jord naturmateriale og kompost? Kan evt. kjøpe litt, men veit ikke helt hvordan jeg skal starte opp.
    Burde vel ha en form for vekstskifte selv om det er et lite areal? Eller hvordan gjør du det i Lekeplasshagen?

    • Hei og tusen takk for hyggeleg kommentar. Du kan dyrka mykje på 5×8 m! Eg starta med 7 kvadratmeter i min hage, som eg så utvida til 10. Deretter laga eg eit nytt bed på 14 (2×7). Den beste måten er å dekkja plenen der du skal ha bed med papp/aviser. Viss du ikkje vil samla masse materiale, kan du gjera det enkelt med å kjøpa ferdig kompostjord. Her i området selv Hove plantesal kompost i lausvekst, slik at du kan henta ein tilhengjar for 400 kroner. Alternativet er å kjøpa kukompost og mold i sekker. Det er mykje dyrare. Du finn svar på mykje av det du spør om i dette blogginnlegget pluss i andre innlegg. Lukke til!

    • Poenget med papp/aviser er at du slepp å grava opp grastorv og ugras, det blir kvelt når du legg på papp/aviser&kompost. Etterkvart blir pappen omdanna til jord. Du plantar i jorda du legg på toppen, etter kvart vil røtene også veksa ned i jorda under pappen.

  • Veldig morsomt å lese det du skriver, og for en fin tid det er for hagefolket nå. Jeg lurer på om du noen gang har hatt hvit mark i komposten din. Det er ikke fluelarver jeg snakker om, men syltynne hvite små mark. Finner ikke noe info om hva dette er. Min varmkompost yrer av både meitemark og denne hvite lille marken. er litt bekymret, og skulle så gjerne vite hva det er. Eller ønsker jeg deg lykke til videre med den flotte hagen og bloggen din.

    • Hei! Glad du likar bloggen min, tusen takk! Ja, herleg tid nå:) Syltynne kvite mark har eg aldri sett i min kompost, – og eg veit heller ikkje kva det er. Beklagar å måtta skuffa deg.. Prøv å blanda litt slik kompost i ei potte og sjå koss det går!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: