Lynkurs: Slik lagar du jord i pallekarmar

Lynkurs:  Slik  lagar  du  jord  i  pallekarmar

Stor spenning: Koss har det gått avfallet som eg fylte pallekarmane med sist haust? Har det blitt til jord? Eg lyfter av den øvste pallekarmen og stikk spada ned i den nederste. Jippi! Svart, super mold. Er det ikkje fantastisk? Du kan gjera det same nå, så kan du dyrka i karmane denne sesongen. Her skal eg visa deg framgangsmåten.

I fjor haust var dette potetris, avblomstra sommarblomar, ein gammal squashplante og lauv.

Då går me i gong:

  • Ta av den øvste pallekarmen og flytt lauvet som ikkje er omdanna over i ein balje.
  • Flytt jorda over i ei stor trillebår.
  • Grav kompostjorda ut av den nederste pallekarmen – ha jorda over i trillebår nummer to pluss bøtter og baljar.
Sjå, avfall og grov kompost har blitt til jord! (Fotos: Margunn Ueland)
  • Fyll den nederste pallekarmen med ein sekk lauv.  Trakk ned.
  • Legg så på eit lag gammal hestemøkk. (halv sekk).  Du kan også bruka anna møkk (sau er ypparleg). Spør folk som har hest, kaninar, høner. Rideskular er ofte glade for å bli kvitt møkk. Bli ven med ein bonde! Får du ikkje tak i møkk, er det også veldig bra å bruka tang og tare og/eller fermentert matavfall (Bokashi).
Lauv og gamal hestemøkk lag på lag, det bør bli gode greier!
  • Deretter ny sekk lauv.  Alternativ til lauv er halm eller høy (endå betre) eller gras frå ein rundballe. Spør ein bonde om han har ein som det har gått hol på som han ikkje kan gje til dyra.  Andre alternativ er avfall frå hagen, – som avkapp frå staudebedet. Har du ikkje noko avfall å henta der heller, kjøp ein sigd i Felleskjøpbutikken og ta ein runde på ei nokre overgrodde stader i nærleiken av der du bur. Naboane har sikkert også noko hageavfall dei vil bli kvitt. Pøs oppi og trakk ned.
  • Så nytt lag med næringsrikt materiale som møkk/tang/Bokashi.
Markane gjer ein utruleg viktig jobb i kjøkkenhagen. Massevis i kompostbingen.
  • På med pallekarm nummer to. Har du varmkompost? Her i Stavanger kan du kjøpa ein beholdar til tusen kroner. Kommunen leverer. Fordelen med ein slik, er at kompostering går fortare enn i  ein vanleg kaldkompostbinge og korkje rotter eller sneglar kjem til. Dermed kan du også ha matavfall oppi. Har du varmkompost som er godt på veg omdanna, kan du ha det over i den øvste karmen nå.
  • Så tømer du den finaste jorda som du grov ut på toppen. Eit trillebårlass held.
  • Så kan du planta ut grønsaksplanter når faren for frost er over.
Sjå på den porøse, svarte, fine molda! Tenk det var avfall i fjor!

Dermed har du att eit stort trillebårlass pluss mange bøtter og baljar. Det kan du bruka om du skal fylla fleire pallekarmar eller laga nye bed. Eller du kan spara det og bruka det til blomar og grønsaker du skal planta i krukker og kassar nå og seinare i vår.

Kjekt å ha heimelaga jord!

Denne jorda er full av liv (meitemark og synlege og usynlege småkryp) og næring. Så næringsrik at du slepp å kjøpa gjødsel. Plantene elskar denne jorda, ho held på fukt når det er tørt, og er så porøs at vatn renn fort gjennom når det er vått.

Eg gjer dette minst to gonger om året: Kvar vår og kvar haust. Kvar gong får eg ei stor trillebår pluss bøtte- og baljevis med jord til overs.

LES OGSÅ:

UNNGÅ GRAVING OG LUKING, GJER DET LETTVINT!

LYST PÅ KJØKKENHAGE? KOM OG BLI INSPIRERT!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



2 kommentarar om “Lynkurs: Slik lagar du jord i pallekarmar”

  • Så herleg jord, ikkje rart det veks fantastisk hjå deg! No gler eg meg til det vert litt meir vår her. Nesten -10 her i dag. 🙂

    • Takk, ja jorda er det viktigaste for godt resultat. Minus ti, uffa meg, her hadde me minus 1 i natt og natta før. Du skal vera glad for minusgradene – drep sneglane!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: