Kjøkkenhage med barn: Kom, sjå og lær!

Småbarnsforeldre? Ikkje tid til kjøkkenhage? Ta ungane med! Potla i jorda, så, planta, hausta, laga mat er supert å gjera i lag med barna. Her får du tips til kva som er gøy å dyrka i lag med barn og som er lett å få til.
Å stappa ned nokre potet i jorda i april for så å kunna ta opp bøttevis med gylne nypoteter i starten av juli, er stor stas! I fjor slo det meg at for mange byungar er det meir eksotisk enn tur til London og Legoland. For der har dei vore før… Men ta opp sjøldyrka mat frå molda, har dei færraste fått vore med på.

Å dyrka løk frå setteløk er også lett å få til.

Sukkererter likeså. Bare å trykka ned nokre erter i jorda så snart faren for frost er over. Lag gjerne eit sukkererttelt av bjørkegreiner/kvistar – så får ertene noko å klatra på og ungane kan sita inne i teltet og knaska på søte erter…

Blomkarse, ringblomar og solsikker er sommarblomar så det går fint å så rett ut, du slepp å dilla med forkultivering (så inne, prikla, for så å planta ut).

Nå tidleg på våren er det kjekt å pynta med vårblomar som stemorsfiolar, ranunklar og tusenfryd.
Graskar er gøy å dyrka – tenk eit lite frø så stort som nagla på lillefingeren blir til digre graskar! NB! Treng stor plass og mykje næring!

Mais er ein annan populær vekst i Leikeplasshagen. Store frø som fyrst blir til grasaktige spirer, som så veks til høge planter, vel to meter høge. Spanade å venta på hannblomar og hoblomar, venta på at kolbene skal danna seg og bli store og gule, klare til å etast… Nytt NB! treng stor plass og mykje næring.

Men kanskje det aller kjekkaste, er å få stikka fingrane i jorda, finna meitemarkar og skrukketroll og læra at alt avfall må i komposten. Der gjer meitemarkar og massevis av usynlige kryp det om til jord!

Lyst til å prøva?
Kom på Barnas Dag på Brynes planter i Stavanger på laurdag 9. mars: Arrangør: Brynes planter. Tema: Kjøkkenhage med barn. Les meir om arangementet her. Stad: Brynes planter, Jåttåveien 92. Tid: Kl 11-13.
Sjå, høyr og lær meir på møte i Eigersund hagelag tysdag den 12. mars. Arrangør: Eigersund hagelag. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage og ta med barna! Stad: Lundeåne kafeteria. Tid: Klokka 19. Ope møte.
Har du ikkje sjans til å delta på desse arrangementa, kan du få inspirasjon og nyttige tips i Sandnes den 13. mars, på Klepp den 19. mars, i Stavanger (Aftenbladets lokaler) den 21. mars, i Haugesund den 26. mars, på Mostun i Stavanger den 28. mars, på Felleskjøpbutikken i Hillevåg den 2. april og på Selvåg hagesenter i Stavanger den 4. april. Pluss på hage- og fritidsmessa i Stavanger fredag 22-24. mars. MEIR INFO OM DESSE ARRANGEMENTA HER.

LES OM DÅ ALVIN OG MALENE SÅDDE GRASKAR OG MAIS I FJOR VÅR

LÆR AV SOFIE KOSS DU SÅR REDDIK
PYNT MED VÅRBLOMAR SOM TOLER FROST
Hei Margunn! I år blir nettopp mais og gresskar de nye grønnsakene hos oss. Har to gutter som nesten ikke kan vente med å så! Men jeg lurer på, kan jeg plante de i samme bed? Hadde tenkt å sette de ned sammen med bondebønner der jeg hadde poteter i fjor. Jorden er løs og fin og ca 30-50 cm dyp. Har tilgang til hestemøkk- gammel og ny, og hønsemøkk som jeg kan fylle på med om det trengs… takk igjen for supernyttig blogg!!!
Hei! Så gildt at du likar bloggen min! Hugs at maisplanter blir høge, så plant slik at maisen ikkje skuggar for squashen. Både mais og squash treng godt med næring. Plant maisen i “blokk” (altså ikkje bare på ei rekkje, men i firkant om du forstår) slik at pollen frå hannblomen i toppen kan dryssa ned på hoblomduskken lenger ned.
NB! Vent med å så mais og squash til siste del av april, dei veks fort og du bør ikkje planta ut før tempen ligg på ti grader.