Dette sår eg i mars, april og mai

Dette  sår  eg  i  mars,  april  og  mai

Kva tid du kan så, kjem sjølvsagt an på kor du bur og kva tid faren for den siste frosten er over. Her i Stavanger pleier det vera den fyrste veka i mai. Dermed startar eg med forkultivering  av dei røffaste grønsakene og urtene den fyrste veka i mars. Det går nemleg rundt åtte veker frå frø til utplantingsklare planter.

I kategorien «røffe» er desse:

  • Bondebønner
  • Salat
  • Spinat
  • Vårløk
  • Reddik
  • Mainepe
  • Koriander
  • Persille
  • Dill
  • Selleristang
  • Fennikel
  • Kål av alle slag*: Det eg har sådd hittil,  er knutekål, sommarkål/spisskål, kålrot, grønkål
  • Løk (kan du også så i februar, mars, eg satsar heller på setteløk, det er meir lettvint)
  • Sellerirot (kan godt såast i februar)
  • Purre (kan godt såast i februar)
  • Rødbeter er det best å så i midten av mars.

Varme i drivhuset?

Alle desse har eg sådd i drivhuset med tanke på at dei skal plantast ut seinare. Eg har ikkje varme på. Dermed er det like kaldt der inne som ute når det er regn og overskya. Men når sola står på, blir det fort varmt. Varme skrur eg bare på når dei har spirt viss det blir minusgrader.

Drivhusplanter

I starten av mars sår eg også tomater som i hovedsak skal veksa i drivhuset. Eg skriv «i hovedsak», for eg har sådd så mange at eg ikkje får plass til alle i drivhuset. Så då får nokon av dei greia seg ute best dei kan – i fall alle veks opp.

Chili og paprika sådde eg i slutten av februar, mange sår desse tidlegare.

Både tomat, chili og paprika set eg til spiring på badet. Straks dei fyrste spirene bryt jordoverflata, flyttar eg dei ut i loftstova under plantelys. Det er for kaldt for desse ute i drivhuset nå (så lenge eg ikkje har varme på).

Sommarblomar

Forkultivering av sommarblomar startar eg også med i mars.

Vent med solsikker og blomkarse til slutten av månaden, for dei veks så fort. Solsikker, blomkarse og ringblom kan du gjerne så rett ut i starten av mai.

Vent med desse til april

Vent med forkultivering av squash, graskar, agurk og mais til midten/siste del av april. Desse veks nemleg fort og må ha det varmare enn kål og dei andre «røffe» typane for å greia seg utandørs.

Så meir i mai

*Du kan også forkultivera andre kålslag nå i mars, slik som rosenkål, brokkoli, blomkål, rødkål, svartkål. Grunnen til at eg ventar med desse, er at eg ikkje vil planta dei ut så tidleg som i mai. Eg vil heller ha kålplanter klare til å fylla tomrommet i beda med etter at eg har teke opp poteteter, løk og knutekål i juni/juli. Kål likar godt å veksa utover hausten.

For å ha planter klare til fyrste del i juli, må eg altså så rundt åtte veker før, altså fyrste del av mai.

Då sår eg gjerne også bladbete/mangold og andre omgang rødbeter.

Dette biletet er frå juli i fjor. Då hadde eg planter av rødbeter, kål og fennikel (fremst) sådde i mai ståande klar til å bli planta ut etter opptaket av poteter. Eg hadde også att nokre mangold, savoykål og sellerirot og asparges som eg hadde sådd tidlegare (bakerst).

Så rett ut på friland i mars, april, mai

Hittil i år har eg også teke sjansen på å så gulerøter, spinat, salat og mainepe ute i pallekarmar.

Me har nemleg hatt ein mild februar og mars hittil her i Stavanger.

Planen er også å så pastinakk i ein pallekarm denne månaden.

Det blir spanade å sjå koss det går. Eg har ikkje sådd så tidleg før. Temperaturen her på sørvestlandet svingar stadig mellom pluss- og minusgrader. Vanskeleg å vita når vinteren er over og våren har begynt. Me skal visst få nokre kuldegrader neste veke, håpar dei ikkje spirer før den tid.

Kva tid du kan så, kjem an på koss jorda er og kor kaldt det er der du bur.

Sukkererter og bondebønner kan du også så rett ut når jorda er opptint og faren for frost er over.

Har sådd gulerøter: To metodar: Breisådde «F1 Sugarsnax 54» til venstre og «Nantes» på frøband til høgre.

LES MEIR HER:

SÅ SALAT OG SPINAT I BALJAR OG KASSAR

HAR SØREN MEG SÅDD GULERØTER!

ÅJ, ÅJ, – EG HAR SÅDD 16 SORTAR TOMATAR!

TAPASCHILI OG HENGJANDE PAPRIKA

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



4 kommentarar om “Dette sår eg i mars, april og mai”

  • Hei Margunn! Takk for flott og lærerik blogg, bruker den som oppslagsverk 😉 Jeg har (kanskej?) gjort en tabbe og lurer på råd fra deg. For ca tre uker siden plantet jeg frø til snackagurk og satte de på på loftet under takvinduet. Oh boy! De spiret kjapt. De har nå blitt til en lang, og ikke så veldig tynn spire, men ganske lang. Tenker jeg må få den ut i større potte nå, kan jeg sette disse i drivhuset nå, eller hvor? Mørkt, kaldt?

    • Hei, hei, så gildt at du likar bloggen. Det var veeeeeldig tidleg å så agurk,ja. Sår aldri agurk før tidlegaste miden av april. Nettopp fordi dei spirer kjapt og veks fort, slik som dei andre i same familie; squash og graskar. Etter spiring treng dei MYKJE lys. Agurk likar seg ikkje når det blir kaldt, bør ha over ti grader. Om du kan flytta dei ut i drivhuset, kjem an på om du har varme der eller ei.Litt dyrt å varma opp drivhuset i mars bare for nokre agurkspirer. For all del, ikkje set dei mørkt, då blir dei bare sjukt tynne og lange. Håpar ikkje du sådde alle frøa. Eg hadde sådd på nytt i slutten av april.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: