Ny vri på brødet me ikkje greier oss utan

Ny  vri  på  brødet  me  ikkje  greier  oss  utan

Dette brødet har me ete kvar dag her i huset sidan eg fekk oppskrifta for tre år sidan. Så godt!  Lett å laga, – sjølv eg fekk det til, eg som aldri har lukkast med brød før. Inga elting, inga heving. Dette brødet bakar du på ti minutt pluss steiketid. Her får du ein ny og litt sunnare vri på populære «Bodils gode, lettvinte brød».  Eg synes faktisk desse vart endå betre! Så då kjem eg til å bruka denne oppskrifta heretter:

Ingrediensar:

  • 3 dl sammalt speltmjøl
  • 4 dl finmalt speltmjøl
  • 2,5 dl grov rug
  • 2,5 dl fin rug
  • 2 dl store havregryn
  • 0,5 dl havrekli
  • 1,5 dl solsikkefrø
  • 1 dl graskarfrø
  • 1 dl linfrø
  • 1/2 dl sesamfrø
  • 1 ss honning eller byggmalt
  • 1 ts salt
  • 5 ts natron
  • 1 liter TINE-kulturmjølk (ikkje skumma)

Eg brukar økologisk mjøl og økologiske frø.

Framgangsmåte:

  1. Rør saman alt det tørre.
  2. Ha i kulturmjølk – og ein skvett vatn som du brukar til å skyla ut den siste mjølka av kartongen -pluss honning.
  3. Rør saman, blir som ein tjukk graut.
  4. Ha røra over i to brødbakeformer som du har smurd med rapsolje.
  5. Steik på 175 grader i 1 time og 40 minutt.

Brødet held seg godt i mange dagar i kjøleskap. Eg bakar alltid to, og puttar det andre i fryseboksen.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



4 kommentarar om “Ny vri på brødet me ikkje greier oss utan”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: