Unngå graving og luking, gjer det lettvint!

Unngå  graving  og  luking,  gjer  det  lettvint!

Når du skal laga kjøkkenhage, treng du ikkje grava. Den lettaste måten å gjera det på, er å dekka området med eit tjukt lag aviser eller papp. Der du skal ha bed eller pallekarmar, lessar du på med lag på lag med organisk materiale. Der du skal stå og gå, legg du på flis. Slik har eg gjort det i Leikeplasshagen, og det fungerer kjempebra.

Det er best å gjera denne jobben tidleg på året, slik at det organiske materialet (lauv, halm/høy/gras, tang&tare, gammal møkk, kompost) blir mest mogeleg omdanna før du skal planta. Poteter går ypperleg å planta i bed der alt dette ennå ikkje har blitt til jord. 

Andre grønsaker trives også i slike kompostbed, men eg då legg eg eit lag ferdig omdanna jord på toppen og plantar ut i det.

Levande jord

Ein viktig grunn til at grønsakene likar seg så godt i slike bed, er at denne metoden er best for alt livet i jorda : Då tenkjer eg ikkje bare på meitemark og andre småkryp du kan sjå, men også på trillionar av bakteriar og soppsporer som du ikkje kan sjå. Og det er alle desse som gjer lauv, gras osv. om til næringsrik, levande jord.

Lær meir

Om dette snakkar eg alltid ein god del når eg held foredrag. For god, levande jord er nøkkelen til suksess. Og det er jo fantastisk at den mest lettvinte måten også er den beste for plantene! Neste foredrag er onsdag den 6. mars på Høgskulen Vestlandet i Haugesund i regi av Naturvernforbundet på Haugalandet.

Her er ein oversikt over alle arrangementa eg skal delta på i mars og april.

Flisdekke

Den eine delen av den gamle leikeplassen som eg gjorde om til kjøkkenhage, full av bjørkekratt, ugras, og hardpakka grus.  Her sette eg opp dei fleste pallekarmane. For å sleppa luking og forhindra nytt kratt,  dekka eg marka med papp, som eg så dekka med flis. Fort gjort. Reinsleg og greit. Eg synes også det ser fint ut.

Men: Flisen blir gradvis nedbroten til jord, så kvart år er det lurt å leggja på eit nytt lag.

Ein del flis lagar eg sjølv av kvistar og greiner eg kappar ned – greit å ha kompostkvern. Ellers har eg  augene med meg når eg er rundt forbi; det dukkar gjerne opp ein flishaug eller to der kommunen eller andre har vore ute med saga.

Nå var eg heldig! Takk Inger Lise og Anders!

Nå var eg så heldig å få med meg nokre sekker flis frå sjølvaste Klostergarden, garden til Inger Lise og Anders Rettedal ved Utstein Kloster i Rennesøy kommune. Eg var der for å hjelpa dei litt i gang med kjøkkenhage.

Så viste det seg at dei hadde saga ned eit svært asketre. «Klosterflis», smilte Inger Lise breitt. Ikkje alle som kan dekka gangane i kjøkkenhagen sin med det!

Eg smilte endå breiare, for nå trong eg meir flis, ellers hadde det kunna blitt temmeleg «sorpete» (sølete» rundt pallekarmane mine.

Gammal flis frå i fjor til venstre, ny flis til høgre. Beda har fått eit toppdekke av gammal hestemøkk iblanda finmalt flis.

Også stien langs det lange kjøkkenhagebedet  framføre drivhuset trong å fornyast med nytt lag, sjå her:

Gangsti av flis. Bedet dekka eg i februar med gammal sauemøkk.

Fleire stader i USA veit eg at kommunen dumpar flis i ein stor haug  som innbyggjarane kan koma og forsyna seg av. Skulle ynskja at Stavanger og andre kommunar her til lands gjorde det same!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Unngå graving og luking, gjer det lettvint!”

  • Hei
    Har nettopp «oppdaget» deg. Hurra!! Men du, hvor tykt lag m organisk avfall og jord bør det være over avisene? Feks for dyrking av gulerøtter og rødbete.

    • Temmeleg tjukt (har ikkje målt) for «haugen» minkar etter kvart som materialet blir kompostert. Kjem også an på kva du skal dyrka der og koss jorda er under. Anlegg du bedet/pallekarmen på plen/mark, treng det ikkje vera så tjukt, for då er det jo jord under. Eg la tjukke lag på leikeplasshagen fordi der var det bare grus og sand under. Dei fyrste åra må du fylla på med nye lag (dekke av grasklypp om sommaren, lauv om hausten, f.ex). Tenk kor djupt ei gulerot /rødbete veks og gå ut frå det. NB! Gulerøter likar litt sand i jorda, så bland gjerne det inn i topplaget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: