Åj, åj, – eg har sådd 16 sortar tomatar!

Åj,  åj,  –  eg  har  sådd  16  sortar  tomatar!

Bare ein ny tomatsort hadde eg kjøpt i år.  Eg hadde bestemt meg for å «halda meg i skinnet»; vera fornuftig å ikkje ala opp meir enn seks planter. Er nemleg det eg har plass til ved den eine langsida i drivhuset. Eg sprakk så det small. 30 frø har eg sådd – 16 ulike sortar! Hjelpe meg, tenk om alle spirer! Drivhuset mitt kjem nok til å bli overfylt av tomatplanter i år også. Biletet i toppen er frå den 19. mai i fjor.

Joda, eg starta så bra. Sådde 10 gamle frø utgått på dato av pottetomaten «Vilma». Deretter 4 frø av «Reverend Michael Keyes» som Camillas Countryliving  hadde med då ho kom på besøk i sommar.

I januar kjøpte eg kirsebærtomaten «Sweetberry Cherry» frå Impecta.   Tenkte «Vilma» skulle få stå i krukker på drivhushyllene og dei andre i store kassar langs veggen.  Då ville det bli plass til ein agurkplante i tillegg. Det var planen.

Vanskeleg å seia nei når syskenbarn Urd kjem på besøk med masse spanande frø…

Så fekk eg besøk av søskenbarnet mitt Urd Ådnanes. Ho og søstrene er jo omtrent like hagegale som meg. I år var det ho som skulle skaffa tomatfrø til alle tre. Først bestilte ho fem sortar frå sortimentet til Maria Berg Hestad som skriv bloggen «Det grønne skafferi». 

Camillas favorittar

Urd stoppa ikkje med det. For ho hadde ho så jysla lyst på «Amazon chocolate». Dermed kom ho i kontakt med tomatelskaren Camilla Fredriksen (sjå også @camillascountryliving på Instragram). Ho hadde den, ja. Men når ho fyrst skulle senda frå Skottland, kunne ho likså godt senda nokre andre av favorittane sine, blei dei einige om.

Men Camilla som dyrka 60 sortar i fjor, har mange favorittar. Og alle høyrdes og såg like fristande ut.

Så dermed hamna desse sju i postkassen til Urd:

Og sjølv om ho har større drivhus enn mitt, hadde ikkje Urd heller plass til meir enn toppen ein av kvar plante. Derfor lurte ho på om eg ville ha nokre frø?

Det var totalt, aldeles umogeleg å seia nei til det. Freistinga var for stor. Tomatane frå Camilla såg kjempelekre ut. Dessutan stolar eg fullt og heilt på anbefalingane hennar. Ho kan tomat! Det er hennar store lidenskap.

Eg kunne ikkje la sjansen gå frå meg. Eg valde fyrst «Mango» og «Black Plum». Urd forklarte at det var sortar Camilla hadde dyrka år etter år, ikkje minst fordi dei smakar så godt.

Til slutt sette eg all fornuft til sides, og sa ja takk til frø av alle dei sju sortane frå Camilla.

Men det hadde jo vore veldig spanande å prøvd sortane frå «Det grøne skafferi» også…  Når eg fyrst hadde hamna utpå, let eg det stå til: Alle sortane minus «Brandywine», for den dyrka eg i fjor. Dei fire andre var eg nysjerrig på.

Oransje, smakfulle, søte «Sungold» (Foto: Margunn Ueland)

Opp frå frøposekorga fiska Urd opp to sortar til:

Busktomaten «Whippersnapper» frå Randesund hagesenter  og kirsebærtomtaten «Sungold». Busktomat kan jo gå bra utandørs, tenkte eg, dermed sa eg takk til eit par frø av den også.

«Sungold» har eg dyrka kvart år, fordi det er den beste tomaten eg veit. Den fekk få vera med i år også… Viss ikkje hadde eg kanskje angra.

I frøkassen min var der heldigvis nokre sortar som ho hadde lyst på. Men det var ikkje tomatfrø..

«Hugsar du når me var små og bytta serviettar og glansbilete? Dette er mykje kjekkare», smilte Urd.

16 frø, 14 sortar. I tillegg har eg sådd 1 lita boks med ti frø av pottetomaten «Vilma» og 1 lita boks med 4 frø av «Reverend Micael Keys». (Foto: Margunn Ueland)

Eg sådde eitt frø av kvar sort i ein smal såkasse, og passa godt på å merka kvart einaste.  Av «Rosella» og «Mango» sådde eg to for å gardera meg.

Her er heile lista

Då har eg altså sådd desse:

  1. «Black Plum». rødbrun plommetomat
  2. «Mango», gul plommetomat
  3. «Rosella», kirsebærtomat
  4. «Berry Crazy Cherry», kirsebærtomat
  5. «Sungold», kirsebærtomat
  6. «Sweetberry Cherry», kirsebærtomat
  7. «Reverend Michael Keys», kirsebærtomat-multiflora
  8. «Green  Zebra», grøn tomat
  9.  «Bundewice», gul salattomat
  10. «Amazon chocolate», bifftomat
  11. «Marvel striped», gul-rød-stripete bifftomat
  12. «Sputnik», rødbrun bifftomat
  13. «Blue Beauty», blårød bifftomat
  14. «Whippersnapper», busktomat
  15. «100’s & 1000’s», ampeltomat
  16. «Vilma», pottetomat

Håpar inderleg me får ein varm og solrik sommar i år, slik at nokre kan plantast ut!

Kassen sette eg på badegolvet saman med dei to små boksane med dei andre tomtatsåddene. Straks dei spirer, flyttar eg dei ut i loftsstova under plantelys. Når eg blir lei av å ha dei der, flyttar eg dei ut i drivhuset. Men då bør der helst vera over sju grader der.

CHILI og PAPRIKA har eg også sådd, men bare ein sort av kvar..

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: