Desse graskara var best på smak

Skal du dyrka graskar i år? Lurer du på kva sortar du skal velja? Me dyrka ti ulike sortar graskar i Leikeplasshagen i fjor – oransje, grøne, rosa, gule, beige, runde og lange, små og store. Men kva for nokre smaka best? Tre av dei ti skilde seg ut som vinnarar.
Fyrst lista over dei 10:
- “Marina di Chioggia”.

2. Løkforma, oransje «Uchiki Kuri».

3. Flaskekar «Waltham Butternut».

4. “Lakota”.

5. Mammutgraskaret «Rouge Vif D’Etampes».

6. Rund, rosa, ukjent sort, fekk frø av @annemorshage.

7. Spaghettigraskar (fekk frå av @annemorshage).

8. Lange, lysegrøne/gule«Trombocini».

9. «Giraumon Turban» i oransje, kvitt og grønt.

10. Vesle «Sweet Dumpling».

Masse god mat

Kva har eg laga av graskara?
Eg har omsbakt dei fleste. Med ein klatt smør og varmande krydder.
Omsbakt graskar har eg servert som siderett til middagar, til kalkunmiddagen i jula for eksempel.
Eg har laga curry, Chili sin carne og suppe.

Omsbakt graskar har eg mosa og brukt i pannekaker, muffins og formkake og i “gullhummus”.

Eg har også juica graskar og brukt graskarmos i smoothie.

“Chili sin carne” er nok den graskarretten eg har likt aller best. Den har eg laga gong på gong, med både “Marina di Chioggia”, “Uchiki Kuri”, “Waltham Butternut” og “Lakota”.
Her er smaksvinnarane
Alle dei tre graskara på topp var gode. Dei kunne ha delt 1. plassen.
1. “Marina di Chioggia”.

2. “Uchiki Kuri”.

3. Flaskegraskar “Waltham Butternut”.

4. Det rosa graskaret.
5. “Lakota”.
6. “Rouge Vif d’ Etampes”.
7. “Spaghettigraskar”.
8. “Trombocino”.
9. “Sweet Dumpling”.
10. “Giraumon Turban”.
Aller best
MEN: Skal du bare dyrka ein av desse sortane neste år, ville eg ha gått for “Uchiki Kuri”. Ein plante bar fleire graskar som blei mogne i god tid. Faktisk dei fyrste som vart klare.

“Marina di Chioggia” rakk bare å produsera eit graskar pr. plante. Flaskegraskaret “Waltham Butternut” kom heller ikkje med meir enn ei frukt.
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Så kult. Jeg har frø fra begge de to i topp. Nå gleder jeg meg til å høste 👍. Hvordan lagrer du dem?
Så gøy! Lagring: Eg legg dei ved eit stort vindauga i stova når eg tek dei inn om hausten. Der får dei liggja til jul, så flyttar eg dei ut i vinterhagen (der er det kjølegare) eller i loftstova. Dei skal altså ikkje i kjøleskap, men i romtemperatur.