Så salat og spinat i baljar og kassar

Så  salat  og  spinat  i  baljar  og  kassar

Salat og spinat kan du dyrka sjølv om du bare har plass til nokre baljar. Drivhus treng du heller ikkje. Du kan bare strø rett ut. Som regel går det godt, sjølv om det kjem nokre kuldegrader. Biletet oppføre er frå den 17. april i fjor. Frøa vart sådde i slutten av februar.

Denne veka sådde eg fyrst i baljar i drivhuset, så i karmar utandørs.

Fort gjort!

I drivhuset hadde eg tre gule baljar med heimelaga kompostjord. Eg strødde over eit lag kjøpejord på toppen, for kompostjorda er temmeleg «kraftig».

Å så spinat er enklaste: Frøa er  temmeleg store – så det er enkelt å fordela dei på toppen av baljane utan at dei blir liggjande for tett.

Salatfrøa er mykje mindre, her bare strør eg ut, men prøver å vera lett på handa.

Eg fukta jorda før eg sådde, slik at eg ikkje skulle «spyla» bort dei små salatfrøa.

Eg valde desse 3

  1. Vintersalat «Vit»- får mørkegrøne, små bladrosettar. Har ikkje prøvd sorten «Vit» før. Sådde ein annan vintersalat i fjor, og den var knallgod. (I gul balje til fremst til høgre på oppslagsbiletet).
  2. Ei blanding av asiatisk salat og salatkål: «Spicy Baby Leaf/Orientalsk Mix».  Ikkje for pingler, pepparaktig smak, mykje sterkare enn ruccola. Ein skulle gjerne tru at asiatiske sortar må ha det varmt. Men nei, dei er tøffe.
  3.  Spinat «Medania» – hadde att ein halv pose frå i fjor. (Den gule baljen til venstre på oppslagsbiletet)

Baljane skal få stå i drivhuset til dei har spirt, er det då plussgrader ute, kjem eg til å flytta dei ut.

Det same gjorde eg i fjor- Då kunne eg kosa meg med mørkegrøne, sprø, smakfulle blad i fyrste del av mai.

Hol i botnen

NB! Eg har hamra hol i botnen av baljane med hammar og tjukk spiker.  Må vera hol i botnen for at vatn/regn kan renna ut, ellers «druknar» plantene.

Frå venstre: Vintersalat, spinat, plukksalat. Fremst: Spinat. (Foto teke av Jan Inge Haga den 16. mai 2018).

I år ville eg også prøva meg på å så spinat og salat utandørs i pallekarmar allereide i februar: 

I den store dørkarmkassen ute i Leikeplasshagen strødde eg ut ein pose med spinat «Giant Winter».  Den kassen eg «preppa» for nokre veker sidan med «Bokashi» (fermentert matavfall).  Ja, nokre dagar etterpå grov eg også ned nokre bøtter med hestemøkk. Spinat treng mykje næring.

Har sådd spinat i den lange kassen og gulerøter i dei to pallekarmane med «fiberdukhette». (Foto: Margunn Ueland)

I ein låg pallekarm breisådde eg ut nokre salatfrø av sorten «Little Gem» og dekka over med fiberduk (du kan få kjøpt fiberduk med strikk i endane slik at du lett kan festa dette som ei «hette» over pallekarmen. Greit for å unngå kattekrafsing. Dessutan lunar det litt.  Frøa gjekk ut på dato for to år sidan, så eg er spent på koss dette vil gå.

Fort gjort! Jorda var fuktig, så eg slapp å vatna. Spirene som veks fram ute, blir tøffare enn dei som blir «fødde» inne i drivhus.

Eg har ikkje varme på i drivhuset. Men straks sola kjem fram, blir det fort minst 15 grader. Når sola forsvinn, blir det omlag like kaldt i drivhuset som ute.

Såtid

Meir om å så tidleg på våren:

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Så salat og spinat i baljar og kassar”

  • Hei Margunn 🌹 Jeg gleder meg sååå til drivhussesongen starter. Jeg er senere ute enn deg skjønner jeg. I år har jeg planlagt kasser ute, og skulle gjerne hatt fiberduk med strikk, men hvor selges det?
    Takk for inspirasjon!! Sommer og dyrking er terapi for kropp og sjel 💗

    • Hei! Fiberduk med strikk kjøpte eg på Selvåg hagesenter i Stavanger, men då eg var innom sist fredag hadde dei ikkje fleire att. Dei skal bestilla inn. Frå Nelson Garden.

  • Ser lurt ut med baljane, eg vil prøva dei på verandaen min (rådyra og sneglane tar det meste nede i hagen) . Kor mykje drenererer du i botnen? Bør ein laga hol i dei for å få ut for mykje regnvatn?

    • Hei! Ja, lurt med spinat og salat i baljar, så slepp du sneglar i salaten…. Hol i botnen må du ha ja. Viktig. Eg laga massevis av hol med hammar og tjukk spiker.

      • Jeg har fulgt bloggen en måneds tid. Takk for inspirasjon og gode dyrkingsråd!
        Jeg har hagen på hytta på Helgelandskysten, helt annet klima her. Sørvest og nordavind må vi kjempe med. I sommer var det sørveststorm like etter at jeg hadde satt ut de første ca 50 plantene fra drivhuset, -alt gikk med. Ny storm to uker etter…. Vi skal dit snart , og er spent på om det er kommet små spirer av skilla og krokus, men det er det neppe. Hadde tomta vært lun , kunne det vært helt annerledes. Har bare sådd persille, ruccula og purre inne til nå. 🍀

        • Hei og takk for hyggeleg tilbakemelding! Ja, tøffare kår lenger nord, ingen tvil om det. Så surt når stormar øydelegg alt du har stelt med i vekevis. Her var februar den mildaste på mange år. Typisk att når mars kom, blei det surt og grått. Skal ikkje klaga på regnet. Det bestemte eg meg for i fjor då sommaren var unormalt tørr og varm. Håpar du/de får ein fin vår og sommar i nord!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: