Har søren meg sådd gulerøter!

Har søren meg sådd gulerøter!

Å så gulerøter i februar har eg aldri gjort før. Det blir spanande å sjå koss dette går! Men då sola lyste og varma i går, kunne eg ikkje dy meg. Eg måtte fram med frøposane.

To doble pallekarmar hadde eg blinka ut då eg planla kjøkkenhagen i vinter. For nokre veker sidan blanda eg inn litt sand i det øvste jordlaget.

Nå bare krafsa litt i overflata, så strødde eg ut dei små frøa av “F1 Sugarsnax 54”  i den eine. Eg klappa frøa ned i jorda, dett var dett.

Frøband gjer det lett å så gulerøter. Eg bare skrapa til sides litt sandblanda jord, la ei strime frøband og “skufla” eit tynt jordlag over frøbandet att. (Fotos: Margunn Ueland)

Sidan eg er eit utolmodig menneske – hadde eg også kjøpt meg ein pose med gulerotfrø på såband. Det er nemleg ikkje lett å så ut dei små frøa tynt nok, og å tynna gulerøter (nappa opp dei som står for tett), er ikkje favorittjobben min i hagen.

Med frøband hamna frøa på rett avstand med det same.  1 pose med 5 meter frøband blei nok til 4 (eller var det 5?) rader i karmen. Eg bare skrapa ei tynn renne jord, la bandet oppi, og dekka til med eit tynt lag jord. Sort: “Nantes”.

To metodar: Breisådde “F1 Sugarsnax 54” til venstre og “Nantes” på frøband til høgre.

Nå er det bare å venta og håpa på at dei ikkje spirer før det er slutt på minusgradene. Gulerøter treng lang tid på å spira, så eg satsar på at det går… Viss ikkje får eg så på ny. Eg har fleire posar med gulrotfrø på lager.

Som du ser, er det to doble pallekarmar. Dei nederste fylte eg i oktober i fjor med maisplanter og squashplanter, pluss bregner og avkapp frå staudebedet. Dei to øvste fylte eg med grov kompost. Eg håpar gulerøtene vil trivast! Det blir i alle fall kjempegod jord av kompostert planteavfall.

LES OGSÅ:

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: