Såtid: Tapaschili og hengjande paprika

Såtid:  Tapaschili  og  hengjande  paprika

Chili, paprika og aubergine er dei varmekrevjande vekstene som bør sås aller fyrst.  Mange gjer det allereide i januar, eg venta til slutten av februar. I år sår eg bare ein sort chili og ein sort paprika, men dei gledar eg meg veldig til!

«F1 Mowhak» er den sorten paprika eg valde ut. Den skal gje mengder av oransje, små frukter som er milde og gode til å eta direkte som snacks, står det i frøkatalogen.

Dessutan blir han ikkje høg – bare 30 centimeter. Det passar ypperleg. For større sortar passar dårleg på drivhusbenken min – golvplassen blir fort fylt opp av (for) mange høge tomatplanter. Kanskje denne til og med kan trivast i ei stor krukke på terrassen?

Ps: Har ikkje prøvd denne sorten før. Var 5 frø i posen, eg sådde alle.

Desse har eg sådd i år.

Chili: Det fins utruleg mange spanande sortar, men i år nøyer eg meg med den me et mest av: «Padron». Dei litt tjukke, lett rynkete grøne fruktene er knallgode grilla og servert med olivenolje og havsalt. Milde på smak, eg et gjerne fleire slike til forrett.

Men obs! Det er ein grunn til at desse også blir kalla «russisk-rulett-chili». For 1 av 20 kan vera skikkeleg sterke – men du veit ikkje kva for ein før du set tennene i chilien.

5 frø sådde eg, der var 12 i frøposen.

Du treng små boksar når du bare skal så 5 frø i kvar. Husk merkepinne!

Framgangsmåte:

  1. Finn fram 2 små såboksar. Det bør vera hol i botnen på kassane, slik at vatn kan renna ut. Du treng ikkje kjøpa fancy utstyr, plastbeger du har kjøpt bær, druer eller cherrytomater, er greie å bruka. Druebeger har attpåtil lok (se siste punkt)
  2. Fyll begera med mold. Eg hadde ein sekk med veksttorv som eg har kjøpt på eit gartneri på Jæren. Det er denne torva dei sår i, så det må jo funka.
  3. Gjennomfukt jorda. Bruk sil på ei lita vannekanne. Molda skal vera fuktig frå topp til botn, men ikkje dassvåt.
  4. Legg ut eit og eit frø på toppen.
  5. Trykk frøa lett ned.
  6. Dekk med litt jord eller vermiculite.
  7. Fukt topplaget. NB! Bruk lita vannekanne med sil eller dusjeflaske.
  8. Merk kvar boks med namn og kor mange frø du har sådd. Gjerne også sådato.
  9. (Hugs også å kjøpa merkepinnar og merkepenn når du kjøper frø!)
  10. Eg fører også opp i hagedagboka mi kva eg har sådd, kva dato og kor mykje.
  11. Chili og paprika må ha det varmt for å spira. Eg sette derfor boksane på baderommet.
  12. Jorda må haldast fuktig. Derfor legg eg plast eller plastlok over såboksane.
  13. Vent. Fylg med. OBS! Straks frøa spirer, flytt dei under plantelys.
Har strødd vermiculite på toppen. Mens eg var i gong, sådde eg også nokre gamle frø av pottetomaten «Vilma» og 4 frø av tomat «Reverend Micael Keys» som eg fekk av @camillascountryliving då ho kom på besøk i fjor sommar. Eg sådde desse sist helg.

Kvifor bare ein sort av kvar?

Fordi eg har ikkje plass til meir. Eg prioriterer tomatar.

Fordi det lett kjem lus på paprika og chili.

Fordi me ikkje har bruk for store mengder chili. Eg har ennå att masse chilipulver av tørka chilifrukter frå i fjor og året før.

Fordi det går så lang tid frå du sår til du får frukter, og dei må ha det varmt og lyst. Lite økonomisk å ha på lys og varme i drivhuset for eit par små boksar med chili- og paprika-spirer.  Inne i huset har eg eit halvdårleg plantelys på det som nå har blitt ein overfylt skrivepult.

Joda, ikkje før var den fyrste auberginen klar, så kom der bladlus på planten. Her med Chili «Padron», agurk «Max» og tomat «Bloody Butcher». Foto frå sommaren 2017 av Margunn Ueland.

Mislukka

Aubergine sådde eg ikkje i år: Det til trass for at det blir fine planter med skjønne lilla blomar og glinsande, flotte frukter. Har prøvd meg tre år på rad. Men kvar gong dei første fruktene viser seg, utpå sommaren, dukkar bladlusa opp. Eg klypper av nye skot og vaskar grundig med grønsåpevatn, men bladlusa gir seg ikkje så lett. Eg set planten ut i pøsregn og flyttar han inn at i drivhuset – det ser ut til å gå bra- men så: Nye bladlus.

Eg plantar dei ut. Men i motsetning til chiliplantene som tolte godt å stå ute, sto auberginen og sturte i regnet og kom med nokre små frukter som mygla i tuppen. Det var det våte og kalde året  2017. Men heller ikkje i varme og tørre 2018 gjekk det bra med auberginen.

Eg kan jo ikkje gje meg før eg har fått det til, men det blir ikkje i år… Eg har nemleg sådd alt for mange  tomatfrø. Det til trass for at eg bare kjøpte ein ny sort i år..  Eg skal fortelja deg om det i eit anna blogginnlegg. For nå letta skodda og sola kikka fram. Eg må koma meg UT!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: