Fyll krukkene med vårblomar som toler frost

Fyll krukkene med vårblomar som toler frost

Heilt utruleg! I dag hadde me 12 grader i skuggen i Stavanger – pluss sol! Eg kjenner ennå sola varmar i kinna. Fuglane kvitra, krokusen lyste lilla og plengraset er irrgrønt.  Eg måtte jo fylla nokre krukker med  vårblomar! Ranunklar og små stemorsblomar er gode å ty til på denne tida – dei toler nemleg frost.  For me må nok rekna med at det blir kuldegrader framover, om det var aldri så vårleg i dag.

Stemorsblomar må eg ha kvar vår. (Fotos: Margunn Ueland)

Nydelege er dei jo også. Blållilla stemorsblomar må eg bare ha kvar vår. Kjøp ein 10-pakning – du får det for ein snau hundrelapp, og du kan fylla to krukker. Rett nok er plantene små nå, men så kan du gleda seg over at dei veks seg større og større, og til slutt fyller dei heile krukka.

Ranunkel – eg synes dei er så fine!

Ranuklar er eg veldig glad i. Eg pleier å kjøpa meg ein bukett eller to og pynta med inne om våren, men kvifor ikkje planta ei korg eller to ute i staden? Då held dei seg mykje lenger.

Eg valde ut gule og  oransje.  Måtte jo pynta litt ved inngangen og på terrassen for å feira at våren er på veg!

Vårløk av alle slag: Krokus, perleblom, tidlege påskeliljer og narcissar er “sikre kort”. Dei toler i alle fall frost.

I hagen er dei tidlegaste påskeliljene på veg opp, til og med nokre tulipanar har drista seg til å koma med dei fyrste blada.

Stemorsblomar og vårblømande løk fyller benken utføre inngangsdøra.

Men det er alltid stas med ei lita krukke eller to i tillegg:

Perleblom og den velduftande, kvite narcissen “Bridal Crown” fekk plass på benken ved sida av stemorsblomane.

Ei korg med gule ranunklar hamna på terrassebordet. Så var det bare å setja seg i solstolen og nyta synet med ein god kopp te og pønska ut neste prosjekt.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

MEIR OM VÅRBLOMAR:

I BLOMEBEDET ER DET KLOSTERKLOKKENE SOM GJER MEST AV SEG NÅ. 

 

 

 



4 kommentarar om “Fyll krukkene med vårblomar som toler frost”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: