Snart klar til å så!

Snart klar til å så!

Juhu, nå går februar mot slutten, snart kan eg så! 1. mars er datoen eg pleier å så storparten av avling nummer 1: Grønsakene eg skal planta ut i starten av mai. Men før festen kan ta til, må eg jo vaska drivhuset!

Må jo har reine vindu i drivhuset. Sjå kor fint grønkålen står ute i bedet! Den planta eg ut i juli i fjor.

Eg brukar bare ei bøtte varmt vatn og ein sprut miljøvenleg oppvaskmiddel (Svanemerka). Er ikkje plaga med grønalger og svartsopp i det nye drivhuset (frå 2017).

Vaske, vaske. Rosmarin nederst til høgre.

Pass på å luft ut i drivhuset også vinterstid og nå på våren før du tek det i bruk, slik at det ikkje blir for fuktig der inne.

Før eg vaska, måtte eg sjølvsagt rydda og kosta golvet.

Det einaste eg hadde der inne av planter, var sitrontreet og ei potte rosmarin som har overvintra der. Eg har ikkje hatt på varme. Temperaturen har vel vore nede i 6 grader på det kaldaste, men me har ikkje hatt mange dagar med minusgrader i vinter.  Eg har ikkje vatna dei heile vinteren. Dei var dassblaute i oktober då eg flytta dei inn. Rosmarinen er i fin form, men sitrontreet ser litt pjusk ut.

Opp or sitrontrekrukka dukka det opp to små stemorsfiolar som har sådd seg sjølv. Så gildt!

Då skulle alt vera klart!

Det kjekkaste kom etter vasken: Då kunne eg bera inn såkassar og brett, pluss pynta med gule og oransje ranunklar.  Så var det bare å bera inn to stolar og opna termosen med varm te.

HER KAN DU LESA MEIR OM DRIVHUSET MITT

DERFOR VENTAR EG TIL 1. MARS MED Å SÅ

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: