Det aller beste!

Sånn! Nå har også dei to kjøkkenhagebeda i min hage fått eit toppdekke av møkk. Aller beste sort: “Sauapertar”. Tørre, små, runde kuler frå sauer som går på heiabeite heile sommarhalvåret. Sauene til bror min.

Han hadde med seg fem halvfulle sekker til meg som eg nå har fordelt på bortimot 25 kvadratmeter. Eg bare rakar det ut i eit tynt lag på toppen av beda, eg brukar ikkje spade eller greip og blandar det inn. Eg let jorda liggja i fred. Eg unngår også å trø på jorda – viktig på denne tida av året.

Frå før av låg det att halvrotna restar av grov kompost og lauv som eg dekka med i oktober i fjor.
Det same gjorde eg i fjor (trur eg bare hadde 3 sekker då) og det fungerte supert. Saualorten var meir eller mindre blitt omdanna til jord då eg planta ut i månadsskiftet april/mai, og grønsakene trivdes som bare det.

Anna gjødsel brukte eg ikkje heile sesongen, bortsett frå at eg la dekke med gras og strødde over litt tørr tang og tare utpå sommaren.

Eg hausta to avlingar i desse beda: Først poteter, løk, knutekål, brokkoli, spisskål, rødbeter, selleristang og grønkål av typen “Ragged Jack”. Så planta eg ut mangold, rødbeter, sellerirot, fennikel, gulerøter (som eg hadde sådd i mjølkekartongar), grønkål, svartkål og savoykål som grøde nummer to. (Les meir om seriedyrking her)

Eg er svært stolt av bror min, han er ein dyktig bonde og ein jysla grei kar. Ståle Ueland, heiter han og driv garden eg er fødd og oppvaksen på på Ualand i Heskestad i Lund kommune, sør i Rogaland.
Han går svært travle tider i møte, for snart er det lamming: 130 sauer ventar 250 lam. Då har han ikkje bare arbeid dagen lag (han har også mjølkekyr), men må opp og ut i sauefjøset fleire gonger kvar natt.
Leikeplasshagen
Flesteparten av beda i Leikeplasshagen har eg dekka med gammal hestemøkk i spedd massevis av flis/avfall frå stallen til Ellen Jepson på Tasta. I fjor haust dekka eg desse beda med tjukke lag kompost frå planteavfall.

LES MEIR OM DET HER: FOR EIN HERLEG MØKKADAG!

Graskarbedet under epletrea i Leikeplasshagen har eg dekka med avfall frå kalvebingen til bonde Kalle Nilsen i Stavanger (halm i spedd kalveskit).
LES OM DET HER: HURRA, HER KJEM KALLE MED KUSKIT OG HALMTALLE
TUSEN TAKK, Ellen, Kalle og Ståle! HEIA BONDEN!
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.