Hurra, her kjem Kalle med kuskit og halmtalle

Hurra, her kjem Kalle med kuskit og halmtalle

Åhhh, så godt  det gjer å koma seg ut i hagen og styra på sjølv om det er vått og grått! Topp dag blei det, for byens gildaste bonde kom med ny forsyning frå fjøset… Og det kan eg bruka til så mangt!

I februar i fjor fordelte eg eit heilt tilhengjarlass med halm på beda i Leikeplasshagen. Det var halm som bonde Kalle Nilsen hadde reinska ut or kalvebingane, så halmen var også ispedd ein del skit. Nå er der knapt eit halmstrå å sjå på Leikeplasshagen. Alt i beda er blitt til mold.

I år har eg brukt stallavfall på toppen av beda: Finmalt flis ispedd litt hestemøkk og -urin som har lege ute på dynga i bortimot eit år. 

Men i det aller største bedet – der  eg dyrkar graskar under frukttrea – er jorda i ferd med å bli naken. Bare eit tynt lag med halvrotna halm og gras ligg att, sjølv om eg la ut tjukke lag i fjor: Fyrst halm frå kalvegardane om våren, så mest ein heil rundballe med gras i juni. Her hadde det vore supert med eit nytt lag. Kan ikkje gå og trø på bar jord.

Ikkje før eg hadde tenkt tanken, så tikka det inn ei melding på telefonen: “Eg har meir halmtalle hvis du vil ha. Kalle”.  Det passa jo ypperleg. Men bare eit lite lass i år, takk.

Kalle kom durande på traktoren gjennnom gatene. Naboen duva forbi i den fine bilen sin: “Javel, nå er du i gong”, smilte han.

For ein grei bonde! Kalle A. Nilsen synes det er bra eg gjer avfallet frå kalvebingane hans om til jord. Eg set stor pris på at han tek seg ekstraarbeidet med å levera det til meg. (Foto: Margunn Ueland)

Graskar og epletre

Kalle lempa av den våte halmen med ei greip i ein fykande fart, – eg brukte minst dobbelt så lang tid på å fordela alt under trea mens eg tenkte på kva graskar eg vil skal gro her til sommaren.

Jorda var i ferd med å bli bar, sjølv om eg hadde lagt på tjukke lag halm og gras i fjor. Godt med nytt lass!

Varmbenk-eksperiment

Kalle hadde også med seg ei diger murarbøtte med fersk kumøkk. Dermed spadde eg ut all jorda i ein dobbel pallekarm  og fylte den nederste karmen med møkk lagt lagvis med aviser og ein diger sekk lauv. Har ikkje brukt fersk møkk før. Kumøkk inneheld mykje nitrogen, blanda med brunt lauv (som inneheld ein god del karbon), bør det  bli god gang på komposteringa. Kanskje det kan bli som ein liten varmbenk? Den klassiske måten å laga varmbenk på, er med fersk hestemøkk og halm. Blir spanande å sjå koss dette går. Uansett blir det omdanna til jord.

På att med den øvste pallekarmen. Oppi den tippa eg eit stort trillebårlass med utgravd mold.  Då hadde eg jord til overs i bøtter og baljar som eg bar inn i drivhuset. Svart, feit, levande mold. Laga av? Planteavfall som eg fylte karmen med i fjor haust.

Er det ikkje herleg?

Må vera sterk for å lempa ei murarbøtte med våt kuskit!

Trening og middag

Våt, møkkete og supernøgd avlyste eg kveldens spinnningtime på SATS. Eg forstår godt at bønder ikkje treng gå på treningssenter. Dei får jo trening heile dagen.

Nå var eg skrubbsvolten. Kva skulle me finna på til middag? Augene fall på det siste graskaret – eit lite Lakota-graskar på 1,5 kilo som låg i hagestova. Dermed hamna det i gryta saman med løk, kvitløk, selleri, tomat, kraft, linser, bønner, krydder og urter. Nam, nam:  Chili sin carne.

Du har sett Kalle før, seier du? Ja, det er han som er med i Februar-kapittelet i boka “Margunns kjøkkenhage”:

Også i fjor fekk eg halm og skit frå bonde Kalle Nilsen. Eit heilt tilhengjarlass! (Foto: Jan Inge Haga)

LES MEIR OM JORD, MØKK OG KOMPOST: 

FOR EIN HERLEG MØKKADAG!

LAG DI EIGA SUPERJORD!

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: