Her får epletreet vårstussen

Her får epletreet vårstussen

Lange tynne “pisker” strittar rett til vêrs i toppen av epletreet og på fleire av greinene. Dei må vekk!  Eg pleier alltid å beskjera frukttrea i slutten av februar.

Då er vanlegvis den hardaste frosten over (sjølv om ein kan aldri vita), samstundes som det er for tidleg til at sevja har begynt å stiga. Også godt med alt som er gjort før såsesongen startar i mars.

Så då sola kikka fram, var det fram med stigen. Med ei skarp beskjeringssaks klypte eg av alle dei lange tynne pinnane som  vaks rett opp eller på kryss og tvers.

Ser du alle “piskene” som veks rett opp? Dei fjerna eg. Samanlikna med det øvste biletet. (Foto: Margunn Ueland)

Mannen måtte hjelpa til med ei greinsaks til slutt for å få vekk dei eg ikkje nådde opp til.

Det tok vel eit kvarter. Tenk, så lite arbeid for så mykje glede som eit epletre gir! Eplebløminga i mai er noko av det vakraste eg veit.

Neste arbeidsoppgåve er etter bløming: Då tynnar me karta. Eg likar å ha mannen min på det, for han er meir tolmodig enn meg..

Så er det bare å fylgja med frå kart til eple og lengta etter å setja tennene i det fyrste solmogne, raude, søtsyrlege “Summerred”-eplet i september.  Minst hundre kilo i året blir det på treet som nå er rundt 25 år gammalt. Naboen er sikker på at det var tre gonger så mykje i fjor.

Det gjævaste eg har i hagen er eit gamalt epletre som kvar haust står med greinene tungene av eple. (Foto: Jan Inge Haga)

Når epletrea er små/unge, bind eg ned greinene, slik at dei ikkje veks rett opp men ut til sides. Då får du meir blomar og meir frukt.

Vil du ha mykje att for lite arbeid, plant eit epletre eller to til våren!

Lurer du på kva sort du skal velja? «Summerred», «Katja», «Discovery» og «Aroma» heiter dei fire sortane epler eg dyrkar. “Summerred” er treet eg beskjer i dette innlegget. Dei tre andre sortane planta eg for to-tre år sidan. Her kan du lesa kvifor eg valde desse. Smak er sjølvsagt viktig, men det handlar også om motstandskreft mot sjukdomar og kva sortar som hjelper kvarandre til rik bløming og bering.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



6 kommentarar om “Her får epletreet vårstussen”

  • Hei Margunn!! Nydelig epletre! Har akkurat vært på kurs og podet mitt eget summer red, gleder meg til det vokser til. Kan jeg få se bilde av trærne du plantet for to-tre år siden? Har plantet to trær for tre år siden og er veldig usikker på om de har utviklet seg som de skal. De ser helt lik ut som når jeg kjøpte de… skal flytte de til en litt mer solrik plass og fjerne gress rundt stammen i vår for å se om de blir litt bedre. Usikker også på om jeg skulle klippet litt for å få veksten i gang eller om det er for tidlig..?

    • Hei! Så du har lært poding, så gøy! Det kan ikkje eg. Merkeleg at trea dine ikkje har endra seg på tre år. Mine veks stadig vekk. Har ikkje foto av dei då dei var nyplanta, dessverre. Men eg kan gå ut og ta foto av koss dei ser nå og senda deg.

  • Hei.
    Så fint du skriv om “eple-piske-greiner” for jeg stussa over epletreet jeg beskar i fjor, det har fått mange greiner som vokser rett opp. Har jeg gjort noe galt med beskjæringen siden treet bryter på den måten?
    Fjernes alle “piskene” – og gjøres dette hver senvinter? eller vil treet slutte å skyte ut pisker?

    • Trur ikkje du har gjort noko galt, er ganske normalt. Fjern alle piskene. Eg gjer det kvar seinvinter – før det sevja tek til å stiga. Treet kjem med nye pisker kvart år.

  • Hei! Fin sak om skjering av epletre. Eg har to epletre i hagen. Det eine har eg halde nede og kontrollert bra, så det får eg nok til å stella i år òg. Men det andre, eit Discovery-tre, har fått veksa altfor fritt, og er blitt ganske høgt – og vanskeleg å plukka epla frå. Har du nokre gode tips om korleis ein på fornuftig vis skjer slike tre?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: