Takk, kjære far!

Takk,  kjære  far!

For ein herleg dag me hadde i Stavanger i går! Gradestokken viste ti grader, og sola skein. Eg sprang ut, og dei fyrste  lilla krokusane smilte mot meg frå plenen. Men det som gleda meg endå meir, var klosterklokkene som lyste kvitt rundt om i staudebedet.

Desse er dei aller fyrste som blømer kvar vår. Ein viktig grunn til at eg er så glad i desse. Men hovedgrunnen er gode minner med far min.

Den siste sommaren han levde, den siste gongen han var i stand til å koma seg ut i bilen, køyrde han og meg til eit nedfalle hus med overgrodd hage. Han visste at under krattet var der klosterklokkeløk. Dei blømde alltid så fint der før i tida.

Han bad meg grava. Og sanneleg, der var der løk! Me smilte like breitt begge to. Ei tuve med løk planta eg i hans hage, dei andre ville han eg skulle ta med meg til Stavanger og planta i min.

Men: God jord måtte dei få. Dermed køyrde han inn i «Marka» på humpete grusvegar til han kom til noko som såg ut som ein grashaug. «Der har Ståle (bror min) dumpa sauemøkk. Det er bare å grava vekk  graset på toppen, så kan du spa opp ein sekk med utmerka mold, sa han». Eg så gjorde.

Då smilte både eg og han endå breiare.

Me var i knallgodt humør etterpå, og kosa oss med kaffi og vaflar mens me snakka om jord og planter og sauer.

Etterpå måtte han kvila, mens eg gjekk ut og lukte i det store, flotte staudebedet hans. Det plaga han at han ikkje lenger kunne gjera det sjølv.

Heime i Stavanger att blei sauemøkkmolda fordelt i staudebedet mitt då eg spadde om stauder og planta ut klosterklokker.

Kvar vår klosterklokkene dukkar opp, tenkjer eg på dette. «Hei, far», seier eg, «me hadde det gildt, tusen takk skal du ha.»

 



4 kommentarar om “Takk, kjære far!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: