For ein herleg møkkadag!

“At det går an å bli så lukkeleg av nokre sekker med møkk”, sa mannen min. Eg var heilt overstadig. Me hadde henta sekkevis med gammal hestemøkk frå ei gild dame som har både hestar og høner. Kanonbra til å spreia ut som eit topplag i beda.

Møkk og møkk, det er vel så mykje flis som ho har grave ut or stallen og lagt i ein stor dunge. Eg har brukt dette kvar vår i årevis – men har aldri vore så tidleg ute som i år. Men så lenge jorda er bar, er det ingen grunn til å venta. Bare bra at flismøkka blir broten ned litt før utplanting.

I haust dekka eg beda med kompost og lauv. Nå er mesteparten av det omdanna til mold av alle makkane, bakteriane og soppsporene i jorda. På tide å forsyna livet i jorda med meir mat- altså flismøkk. Litt hønseskit er der oppi også, for hønene til Ellen likar også å sparka og grava i hestemøkkdungen.

Kvifor eg blir så glad? Fordi eg veit at dette blir til god, levande jord – som jo er det viktigaste for at plantene skal trivast. Men også fordi eg elskar å vera ute i frisk luft og gjera fysisk arbeid og kjenna vårsola i fjeset.

Eg er sikker på det skjer nokre biokjemiske prosessar også: Alle mikrobene i kroppen min blir sikkert overlukkelege over å koma i kontakt med trillionar av bakteriar i jord, kompost og hestemøkk!
Eg kan halda på i timesvis utan å bli trøytt. Eg blir bare meir og meir opplagt.
LES OGSÅ: LAG DI EIGA SUPERJORD!
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Hei! Synes det er knallkjekt å følge deg, og eg lærer så mye! Lurer på hvor lang tid det tar før hestemøkken er omdannet til mold? Og sår/planter du direkte i dette topplaget når jorda er varm nok?
Hei, tusen takk for hyggeleg kommentar! Så bra! Kor fort hestemøkka/flisa blir omdanna til mold, kjem an på kor tjukt lag du legg og på kor mykje liv (meitemarkar og andre synlege og usynlege kryp) du har i jorda. Og litt på temperaturen. Blir nok omdanna til starten av mars då eg plantar ut. Sår ikkje ikkje i dette, men plantar ut småplantar eg har sådd sjølv. Sår i starten av mars (i drivhus) og plantar ut når faren for frost er over, som regel i fyrste veka i mai.
Hei!
Litt sånn tafatt hobbygartner med store høye idealer her som ikke vet helt hva jeg skal gjøre.Gjentar seg hvert år:
Nå er det snart april.Jorddekke av gras og blader fra ifjor er brutt ned og her jeg bor blåser det stikker og strå stort sett hele tiden.Og nå,før folk kan begynne å klippe plen,hva bruker man da???
Jeg prøvde med blader,det lå i en time før det var borte:)
Jeg ser du skriver mye om møkk.
Jeg leier en leilighet midt i et stort byggefelt,har ikke bil, og jeg har noen naboer å ta hensyn til:)
jeg vet heller ikke helt hvor jeg skal få tak i møkk,hvordan den skal være eller hvordan det skal håndteres rett.
Og:er det ikke være stivkrampefare med hestemøkk?
Jeg har allerede sådd i en del av karmene (god bokashijord med masse makk i:))men nå trengs jordekke!
Hilsen tafatt hobbygartner som alltid er for sent ute:)
Hei, hei! Gamal hestemøkk og/eller sauemøkk luktar svært lite, så det treng du ikkje vera redd for. Møkk får du om du spør bønder eller rideskular, og kanskje du kjenner nokon med bil? Du treng sjølsagt ikkje bruka møkk. I år har eg bare brukt det på nokre få av beda, på dei andre har eg grov kompost laga av fjorårets planteavfall. Denne bles ikkje vekk! Eg har ein kaldkompostbinge bak huset, pluss varmkompostbinge (som er tett) som eg har bestilt frå kommunen. Tidleg om våren er det ikkje så lett å få tak i avfall, men etterkvart som du dyrkar, får du avfall (potetriset f.eks). Bur du i nærleiken av sjø, kan du henta tang&tare som har blåst opp. For at problemet ikkje skal gjenta seg kvar vår som du skriv, er det altså lurt å kompostera i løpet av sommaren, hausten og vinteren.