Valentine-smoothie

Mannen min påstår eg ikkje er romantisk. For å motbevisa det, laga eg rosa smoothie til han då eg kom heim frå trening. Er trass alt Valentinsdagen. Blir ingen romantisk middag i kveld – då skal eg halda kjøkkenhageforedrag for Vindmøllebakken bofellesskap i Stavanger og han skal på kulturdebatt.
Men på fredag – mannen min serverer meg god middag kvar fredag kveld.
Smoothien, ja. Eg elskar bringebær, så det er hovedingrediensen. Det mannen min ikkje veit, er at eg har lurt i han nokre gode tarmbakteriar ved å ha min heimelaga kefir oppi. Han seier han ikkje likar kefir, sjølv om han aldri har prøvd… Men smoothien gjekk ned.
Vær så god, her er oppskrifta.
- 1 appelsin
- 3 dl bringebær
- 1/2 banan
- 1 neve cashewnøtter
- 2 dl kefir
Ha i ein god blendar til alt er godt «knust» og blanda til ein kremete rosa drikk. Frisk og god!