Lag di eiga superjord!

Alle som har dyrka ein del, veit at det er kvaliteten på jorda som er nøkkelen til suksess. Sjekk jorda i denne kassen! Svart og porøs. Laga av?
Avfall. Fyrst fylte eg kassen mest heilt opp med det eg reinska ut or drivhuset oktober 2017: Gamle tomat- og agurkplantar og den gamle jorda i tomatkassane. Eg fylte opp med blomkarse og anna avfall frå kjøkkenhagen, før eg toppa med kompost frå varmkompostbingen.

Så sette me kvitløk og dekka “herligheden” med eit tjukt lag lauv.

I fjor sommar hausta me fyrst masse knallgod kvitløk, så blanda eg inn litt sand og sådde eg gulerøter. Dei siste plukka eg inn i slutten av november.

Og nå! Nå kriblar det skikkeleg… Når sola kikkar fram og gradestokken viser fem plussgrader, – er det vanskeleg å halda att. Eg hadde jysla lyst til å gå ut og spa om komposten og fordela ut sekkene med sauemøkk som eg har fått av bror min. Men kunne jo ikkje gjera det på ein sundag og ein morsdag…

Bokashibøtta derimot, måtte eg jo ut med, for begge bøttene var fulle. Bokashi er ein super måte å ta hand om matavfallet på. Eg samlar matavfallet frå ein dag i ei boks, så tømer eg det i Bokashibøtta ein gong til dagen og strør over 1 skei med “strø” som består av kli blanda med mikrobar. Avfallet pressar eg godt saman i bøtta. Der blir det fermentert. Bøtta har eg i eit skap under vasken på kjøkkenet. Når ei bøtte er full, set eg den til sides i to veker i romtemperatur mens eg fyller den andre bøtta.

Etter to veker grev eg innhaldet ned i eit bed eller ein pallekarm. Er jorda frosen, kan du tøma det i ein kasse eller stor potte og dekka over med jord. Lurt å ha ein sekk/kasse med jord ståande ein stad jorda ikkje frys.
Etter få veker blir Bokashi-matavfallet til jord. Der eg har grave ned slikt avfall, kryr det av meitemark. Jord mata med Bokashi, treng eg ikkje gjødsla.
Bokashi-matavfall blir til jord fortare enn maten eg hiv i varmkompostbingen.

I år har eg tenkt å så spinat i kassen som er laga av to gamle dørkarmar. Derfor ville eg “gjødsla” jorda med Bokashi fyrst. Eg grev bare litt jord til sides, fyller på litt her og der med innhaldet i bøtta, og grev så over jorda att.
Fort gjort!
SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.