Lyst på kjøkkenhage? Kom og bli inspirert!

Lyst på kjøkkenhage? Kom og bli inspirert!

Dette blir gøy! Eg har takka ja til å halda 17 kjøkkenhageforedrag i vår.  I tillegg skal eg delta på bokbad og to arrangement for barn.  Her får du oversikten slik at du kan sjå om du har lyst til å koma.

Eg delte oversikten over vårens foredrag for ei veke sidan, men  7 nye arrangement har kome til. Her er ein oppdatert oversikt:

FEBRUAR

STAVANGER: Torsdag den 14. februar. Arrangør: Vindmøllebakken bofellesskap. Tema: La det spira og gro! LUKKA MØTE for hagegruppa i bufellesskapet.

FINNØY: Torsdag den 21 februar. Arrangør: Finnøy hagelag. Tema: Slik lagar du kjøkkenhage på ein enkel måte, og derfor gir det deg så mykje glede og energi!  LES MEIR HER. Stad: Biblioteket på Judaberg. Tid: Klokka 19. Ope møte.

SOLA: Torsdag den 28. februar. Arrangør: Sola bygdekvinnelag som fyller 80 år i februar. Tema: Kvifor kjøkkenhage og koss får me det til? Kva skal me gjera nå i vår? Kva skal me så og planta og når? Stad: Bygdakjellaren. Tid: Klokka 19:30.  Ope møte.

MARS

BRYNE: Laurdag den 2. mars: Arrangør: Norli bokhandel. Tema: Blir ikkje foredrag, men ta med barna, så skal eg visa dei koss dei sår. Boksignering. Stad: Norli bokhandel på M-44. Tid: Kl 11- 14.

HAUGESUND: Onsdag den 6. mars:  Arrangør: Naturvernforbundet Haugaland med støtte fra Miljøsamarbeidet Haugesund, Karmøy og Tysvær kommunar. Tema: Koss du kan laga din eigen kjøkkenhage utan å grava, utan kunstgjødsel og sprøytemiddel og utan å måtta kjøpa mange sekker med jord. Stad: Auditorium B på Høgskulen på Vestlandet HVL . Tid: Kl 18:30. LES MEIR HER. Ope møte.

STAVANGER: Laurdag den 9. mars. Arrangør: Brynes planter. Tema: Kjøkkenhage med barn. Les meir om arangementet her. Stad: Brynes planter, Jåttåveien 92. Tid: Kl 11-13.

Her ser du barnebarna Sunniva, Alma og Christine som puttar setteløk i små potter. Foto frå slutten av mars 2018.

EIGERSUND:  Tysdag den 12. mars: Arrangør: Eigersund hagelag. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage og ta med barna! Stad: Lundeåne kafeteria. Tid: Klokka 19. Ope møte.

Barnebarna mine Maja, Mina og Håvard likte å vera med å ta opp jordeple. Foto frå starten av juli 2018. Fotograf Jan Inge Haga.

SANDNES: Onsdag den 13. mars: Arrangør: Sandnes bygdekvinnelag:  Tema: Arrangøren skriv det slik: “Margunn vil fortelle hvordan du lett kan lage din egen kjøkkenhage og få fram mye mat
selv på liten plass. Du vil få gode råd om både jord, kompost, såing, planting og stell og
hvilke grønsaker det er lurt å gå i gang med. Hun er ikke bare kjøkkenhageentusiast, men også helsecoach, og bobler over med tips om hva du kan lage av grønnsakene og hva det kan bety for helsa di.” Stad: Bøndenes Hus. Tid: Kl 19. NB: Matservering. Pris: 200 kroner. Ope møte, alle velkome. Men: For at alle skal få mat, er det fint om de kan senda påmelding innan den 1. mars til Margot Risdal, på mail sig-o-r@online.no eller på tlf. 97731653.

KLEPP: Tysdag den 19. mars: Arrangør: Klepp hagelagTema: Året rundt i Margunns kjøkkenhage. Om leikeplassen og staudehagen som blei kjøkkenhage.  Stad: Øksnevad vidaregåande skule, auditoriet. Tid: 19:30. Ope møte. 

STAVANGER: Onsdag den 20. mars: Arrangør: Våland kolonihage. Tema: Koss få fram mykje mat på liten plass året rundt? Økologisk, sjølvsagt. Stad: Kolonihagehuset. Tid: Klokka 18:30. NB! DETTE MØTET ER BARE FOR DEI SOM HØYRER TIL KOLONIHAGEN.

STAVANGER: Torsdag den 21. mars. Arrangør: Stavanger Aftenblad. Tema: Oppteken av sunn og god mat? Miljøbevisst? Då er kjøkkenhage tingen! Kom, sjå, høyr og lær koss du kan få det til enten du har stor eller liten plass og til trass for at du har små barn og dårleg tid. Stad: Nykirkebakken 2. Tid: Klokka 18. Ope møte, alle velkomne. LES MEIR HER

STAVANGER: Fredag 22. mars, laurdag 23. mars og sundag 24. mars. Arrangør: Hage og fritidsmessa. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage! Stad: Stavanger Forum. Tid/klokkeslett: Fredag 22. mars klokka 17. Laurdag 23. mars klokka 14. Sundag 24. mars klokka 13.

HAUGESUND: Tysdag den 26. mars: Arrangør: Haugesund hagelag. Tema: Om kvifor du får masse energi av kjøkkenhage og koss du får det til. Stad: Karmsund videregående skole. Tid: Klokka 19. LES MER HER. Ope møte.

I fjor planta eg ut knutekål, brokkoli, grønkål og sommarkål allereide den 19. april. (Foto: Jan Inge Haga)

STAVANGER:  Torsdag den 28. mars: Arrangør: Naturvernforbundet i Rogaland. Tema: Arrangøren skriv det slik i brosjyra med vårens program: “Kjøkkenhage med Margunns metode. Margunn får fram store mengder grønsaker på lten plass i sin eigen hage, men også på det som var ein overgrodd leikeplass tvers over gata. Koss kan du laga din eigen kjøkkenhage utan å grava (!) og utan å bruka korkje kunstgjødsel, sprøytemiddel eller sekkevis med torv. Metoden Margunn brukar er naturens eigen, og det er derfor den funkar så bra!” Tid: Klokka 19. Ope møte.

SOLA: Laurdag den 30. mars: Arrangør: Ølberg strandhage. Tema: Koss få fram mykje god, økologisk mat på liten plass på ein lettvint måte. NB! DETTE ARRANGEMENTET ER BARE FOR PARSELLANTANE.

Firkantbedet har fått tjukt toppdekke av kompostjord. Spinat i balje gledar seg.. Foto frå sommaren 2018 teke av Margunn Ueland.

APRIL

STAVANGER: Tysdag den 2. april: Arrangør: Felleskjøpbutikken i Hillevåg. Tema: Kom i gang med kjøkkenhage! Stad: Felleskjøpbutikken i Hillevåg. Tid: Kl 18:00. LES MEIR HER

STAVANGER: Torsdag den 4. april: Arrangør: Selvåg gartneri og hagesenter. Tema: “Kjøkkenhage – du får det til!” Eg held fyrst eit inspirasjonsforedrag, så vil eg og Mariell Klungtveit demonstera kordan du kjem i gong. Mariell er ein herleg hageentusiast som jobbar på hagesenteret. Kanskje du kjenner ho frå @hageninr11 på Instagram og frå Hafrsfjord hagelag?  Stad: Selvåg gartneri- og hagesenter. Tid: Klokka 18. Alle velkomne!

Mariell og eg skal mellom anna visa deg koss du plantar salat.

Bokbad på Klostergarden

MOSTERØY: Den 13. april. Arrangør: Klostergarden. Tema:  BOKBAD. Redaktør Bothild Å. Nordsletten i Bondevennen vil snakka med meg om boka “Margunns kjøkkenhage”; om å dyrka sin eigen mat, miljø/klima og ressursutnytting.  Stad: Gardsutsalet på vakre Utstein gard ved Utstein Kloster. Tid: Klokka 15. Ope for alle, men obs, begrensa med plass.

HJELMELAND: Den 25. april. Arrangør: Galleri Hagalid. Tema: Mat som gir energi og glede. Stad: Galleri Hagali som har vårutstilling den 6.-28. april.  Tid: Kl 18:00.

Sursøte gule og grøne frukter er godt i grøne smoothiar. Denne smoothien kan du du laga nyplukka blad eller med frosne. (Fotos: Margunn Ueland)

Mat som gir energi: Den 12. februar er eg som helsecoach&kjøkkenhageentusiast invitert til eit møte i løpegruppe i Stavanger for å snakka om koss du kan bruka grønsaker, bær og frukt i maten for å få masse energi og overskot. Dette møtet er bare for dei som er med i gruppa.

Her ser du forsida til boka mi!

På desse møta/arrangementet vil du også kunna få kjøpa boka “Margunns kjøkkenhage”.

VIL DU FYLGJA BLOGGEN MARGUNNS KJØKKENHAGE?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: