Grønt i februar – årets beste vintergrønsaker

Er det ikkje fantastisk at me kan dyrka grønsaker som greier seg ute om vinteren? Som står friske og grøne sjølv etter stiv kuling, hagl, sludd, snø og minusgrader. Minus 5-6 er det kaldaste me har hatt hittil i år her i Stavanger. Her skal du få sjå dei som har greid seg best:
SAVOYKÅL: Kål er mellom dei vakraste plantene eg veit. At eg ville nyta synet, var den eine grunnen til at eg ikkje har hausta inn dette. Den andre grunnen var at eg vil finna ut kor mykje det toler. Det har sett like fint ut heile vinteren som i haust. Sorten heiter “Traviata”. Eg sådde i pluggbrett i midten av mai og planta ut etter opptaket av tidlegpoteter fyrste veka i juli.

GRØNKÅL: Vanleg, norsk krusete grønkål. Sådde i midten av mai og planta ut etter opptaket av tidlegpoteter fyrste veka i juli. Veit ikkje namnet på sorten, er frå eigne frø som eg tok av ein grønkålplante eg fekk av ei veninne for fem år sidan. (Takk, Janne!) Når eg treng eit glas grøn juice, går eg ut og plukkar nokre blad. Til våren kjem nye blad til å veksa ut, så kjem planten til å gå i blom: Massevis av små gule blomar som blir til tynne belgar med små svarte frø. Av ein plante kan det bli hundrevis av frø.

SVARTKÅL: Også dei sådde i midten av mai og planta ut etter opptaket av tidlegpoteter fyrste veka i juli. “Cavolo Lacinato Nero di Toscana”, gamle frø frå 2014. Spørs om eg ikkje skal la denne bløma slik at eg får nye frø.

BROKKOLI: Planta ut i månadsskiftet juli/august etter opptak av potet “Van Gogh”. Blei flotte og kraftige, hausta stort “hovud” i midten av oktober. Sidan har desse skota vakse ut. Veit dessverre ikkje namnet på sorten, eg kjøpte desse som små pluggplantar på eit bra gartneri.

SELLERIROT: “Prinz”, sådd i februar i fjor! Planta ut etter opptaket av løk i juli. Tok inn dei fleste i haust, men let nokre få stå att for å finna ut kor mykje frost dei toler.

VINTERKÅL “Brunswick”. Sådde desse i sommar, og planta ut i starten av august. Det var for seint, dei rakk ikkje å danna kålhovud før det blei for mørkt. Men dei lever! Nå er eg spent på kva som vil skje til våren. Vil dei veksa vidare slik at eg får fine kålhovud, eller vil dei gå i blom?

NB! Alle desse bileta/bileta oppføre tok eg den 2. februar i år.

SPISSKÅL “Kalibos” hausta eg inn ved juletider. Det overlevde også nokre kuldegrader. Sådde i midten av mai, planta ut i starten av juli. Sådde også seinare som eg planta ut i august, men det var altså for seint. Men dei har ikkje krepert i minusgradene. Kanskje dei veks vidare til våren?

Rosenkål sådde/planta eg ikkje i fjor. Men året før, var det den grønsaken som tolte frost best: Like fin sjøl etter ti kuldegrader. Plukka inn dei siste rosenkåla i mars..
Då utropte eg rosenkål som VINNAREN AV VINTERGRØNSAKENE.
Eg veit jammen ikkje kven eg skal kåra til vinnar i år. Savoykål eller grønkål? Kva synes du? Kva vintergrønsak har det gått best med hos deg?
Seriedyrking
Legg merke til at mange av desse grønsakene planta eg ut ETTER opptak av poteter og løk. Eit godt eksempel på seriedyrking, altså at me her i Sør-Norge kan få fram to ulike avlingar på same stad. Ha det i bakhovudet når du bestiller frø og planlegg kjøkkenhagen din for 2019.
MEIR OM DET HER: SLIK FÅR DU MASSE GRØNSAKER FIRE VEKER ETTER POTETOPPTAKET
VIL DU FYLGJA BLOGGEN MARGUNNS KJØKKENHAGE?
Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.
SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.
Hei!
Driv med kjøkken hage og kunne tenke meg å følge deg. Flott blogg.
Mvh. Rune
Hei! Så gildt at du likar bloggen og vil fylgja meg! SLIK GJER DU DET:
Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
Trykk på FØLG MEG-knappen.
Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.