«Margunns kjøkkenhage» til sals i heile landet

«Margunns  kjøkkenhage»  til  sals  i  heile  landet

Minner om at  den 5. februar blir boka «Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt» lansert på Ostehuset på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum klokka 19.

Det ligg an å til å bli fullt hus! Kan tru eg gledar meg til å treffa så mange gilde folk!

Eg er superspent på kva de vil synast om boka. 198 signerte bøker blei sende ut i midten av veka til dei av dykk som fekk gåvekort til jul eller som hadde bestilt i nettbutikken til Jæren forlag.

Kor kan me få kjøpa boka? får eg spørsmål frå fleire av dykk om: Forlagssjef Bjørn Moi svarar slik:

Etter at boka er lansert den 5. februar, vil alle bokhandlarar i heile landet ha boka tilgjengeleg. Det tyder ikkje nødvendigvis at alle har boka inne, men spør du etter boka/vil du kjøpa boka, kan dei skaffa boka til deg/ få tak i henne frå sentraldistriusjonen i Oslo. Jo fleire som spør, jo betre!

Du kan også kjøpa boka frå nettbutikken til Jæren forlag. 

HER ER MEIR INFO OM BOKA OG LANSERINGSFESTEN.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: