“Margunns kjøkkenhage” til sals i heile landet

Minner om at den 5. februar blir boka “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt” lansert på Ostehuset på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum klokka 19.
Det ligg an å til å bli fullt hus! Kan tru eg gledar meg til å treffa så mange gilde folk!
Eg er superspent på kva de vil synast om boka. 198 signerte bøker blei sende ut i midten av veka til dei av dykk som fekk gåvekort til jul eller som hadde bestilt i nettbutikken til Jæren forlag.
Kor kan me få kjøpa boka? får eg spørsmål frå fleire av dykk om: Forlagssjef Bjørn Moi svarar slik:
Etter at boka er lansert den 5. februar, vil alle bokhandlarar i heile landet ha boka tilgjengeleg. Det tyder ikkje nødvendigvis at alle har boka inne, men spør du etter boka/vil du kjøpa boka, kan dei skaffa boka til deg/ få tak i henne frå sentraldistriusjonen i Oslo. Jo fleire som spør, jo betre!
Du kan også kjøpa boka frå nettbutikken til Jæren forlag.