Ikkje lurt å så for tidleg, lær av bommertane mine

Ikkje lurt å så for tidleg, lær av bommertane mine

“Har du begynt å så?” spurde ho med glød i augene. Nei, måtte eg medgje, i år har eg bestemt meg for å ha is i magen og venta. For tek eg fyrst fram såposane, blir eg fort freista til å ikkje så bare litt, men litt til og litt til. Eg har fått erfara at det ikkje er så smart å vera for utolmodig på denne tida av året. Er du mellom dei som ikkje har lukkast med å så eigne grønsaker? Slapp av, det fins enklare måter å gjera det på…

Tilbake til smilande Merete som rann over av såiver: “Eg greier bare ikkje å venta lenger”, sprudla ho. Derfor skulle ho hengja opp lysstoffrøyr i eit kjellarrom som heldt 11 grader.

Ja, då går det fint! Men har du ikkje ekstra lys og helst eit rom med lågare temperatur enn i stova, er det ikkje lurt å setja nye plantebarn til verda ennå. Då blir det bare nokre ynkelege spirer.

Slik ser tomatfrøa ut. Hugs at eit lite frø blir ein stor plante. Tenk over kor stor plass du har før du sår.

Chili og tomat

Det første eg vanlegvis sår, er chili (slutten av januar), deretter paprika og tomat i februar.  Desse treng nemleg laaaang tid på å utvikla seg. Fram til dei spirer står dei på badet (treng minst 20 grader for å spira), så flyttar eg dei ut i loftstova under lysstoffrøyr straks spirene kjem opp.

Men i år har spirebordet blitt til skrive- og studiepult. Eg ventar derfor ein månad til. I fjor sådde eg andre omgang tomatar den 24. februar, det gjekk bra. Uansett kan eg ikkje flytta dei ut i drivhuset før temperaturen der er over ti grader – sju til nød- (også om natta helst).

Har du korkje ekstra plantelys eller drivhus, kjøp ferdige tomatplanter i midten av mai (NB! temperaturen bør vera over ti grader) og set dei på ein lun og solrik stad.

Sellerirotspirer klare til sprikling. Foto: Margunn Ueland. våren 2018.

Sellerirot, purre, løk

Det neste eg vanlegvis sår innandørs i februar, er sellerirot, purre og løk. Desse tek nemleg også lang tid. Men i år har eg faktisk ikkje tenkt å så korkje sellerirot, purre eller løk, sjølv om eg elskar alle tre. Men dyrka dei, skal eg. Bare ikkje så. Eg har rett og slett tenkt å kjøpa ferdige små planter (pluggplanter) av både sellerirot og purre. Løk vil eg dyrka frå setteløk, det er enklaste og raskaste.

Eg kan få kjøpt det eg treng av purre og sellerirot (som pluggplantar altså) for om lag hundre kroner på eit bra gartneri.

Før har eg sådd fordi eg synes det er så gildt, pluss at det er ekstra stas å ha fått fram eigne planter. Sellerirot er krevande – uhyre små frø som blir til uhyre små spirer som så skal priklast – ei og ei spire skal flyttast over i kvar si vesle potte, og etter nokre veker over i nye og litt større potter før dei kan plantast ut når faren for frost er over. Og heile tida frå februar til mai må dei passast på – nok lys, nok fukt, nok varme. Nok lys er den største utfordringa.

Vinteren kjem ofte når me trur det skal bli vår…Foto frå den 13. mars 2018.

Kuldesjokk

Ja, eg har drivhus, men eg vil ikkje varma opp eit heilt drivhus bare for å husa nokre få druebeger med spirer. Eg fekk meg ein lærepenge i fjor.

Då  hadde eg sådd chili innandørs i slutten av januar. I  starten av februar sådde eg fyrst asparges, gul løk, tomat, sellerirot  innandørs. Den 9. februar lokka sola meg til å så litt ute i drivhuset også: To sortar grønkål,  brokkoli, brokkolini og knutekål. Trur du ikkje dei  spirte etter to veker? (gjennomsnittstemperaturen ute var pluss 5 grader).

Ein strålande solskinsdag –  den 24. februar – blei eg så gira at eg også sådde sommarblomar, purre, rødløk, koriander, persille, fennikel og bondebønner. Eg var så innstilt på at nå var det bare ei veke til det blei vår! 1. mars, då skal det vera vår.

Men det blei vinter! Sprengkulde! Minus ti grader er sprengkulde her i Stavanger…  Omnen i drivhuset sto på fullt, likevel var det mest null grader om natta.

Får plantene kuldesjokk i tidleg barndom, er faren større for at dei går i stokk, det vil seia at dei går i blom utpå sommaren. Då brukar plantene kreftene på bløming og frøsetjing. Nett det skjedde i fjor sommar med brokkolini, brokkoli og grønkål som eg sådde i februar.

Dei gule blomane er grønkål “Ragged Jack” som har gått i blom.

Ventar til mars

Så nei, det har eg ikkje tenkt å gjera om att. I år ventar eg til mars med å så ute i drivhuset. Så får temperaturen bestemma om det blir i starten eller midten av månaden.

Mars er tids nok, og lyset i mars er mykje betre enn i februar. Det går nemleg om lag 8 veker frå såing til plantene er passe store og robuste til å plantast ut. Og faren for nattefrost er vanlegvis ikkje over før i første veka av mai.

I fjor var eg heldig, då kunne eg planta ut i midten av april. Det passa ypperleg for kålfrøa eg sådde i slutten av februar var meir enn klare til å koma ut av pottene dei sto i på terrassen.

Ha det i tankane når du kriblar i fingrane etter å så i februar – du skal ha ein plass å gjera av dei fram til mai.  Det er fort gjort å gløyma at det som er små spirer i små beger i februar – treng veeeldig myyykje større plass i april!

Vintersådd?

To populære svenske hagebloggarar, Sara Backmo og Farbror Grøn, ivrar for “vintersådd”. Det same gjer norske Maria Berg Hestad som skriv bloggen Det grønne skafferi. Ho bur i Molde.

Dei sår ute når det er snø og frost, og satsar på at frøa spirer når tida er inne. Dei sår mellom anna både i beger som dei set i plastkassar (blir minidrivhus), i pallekarmar og i drivhus/plastdrivhus utan varme.

Eg har prøvd, men det funkar ikkje så bra her i Stavanger. Her er ingen stabil, kald vinter. Temperaturen svingar i eitt sett. Det kan vera fleire plussgrader i janauar. Dermed spirer frøa, og døyr når det så plutseleg kjem nokre minusgrader.

Eg gledar meg heller til våren, og ventar med å så då. Det fyrste eg skal så, blir nok spinat. Den toler litt kulde.

I gule baljar frå venstre: Spinat “Medania”, reddik “Københavns Torve 2”, vintersalat (fremst). I sinkbaljar: Fremst: Reddik (t.v.) og mainepe. Bakerst: Plukksalat (t.v.) og koriander. Dette biletet vart teke den 17. april 2018 av Jan Inge Haga.

Håp for alle!

Så fortvil ikkje du som korkje har kjøleg rom med plantelys inne eller drivhus ute, det går godt an å dyrka grønsaker utan.

Du treng ikkje bala med å så og prikla ein gong, du kan kjøpa ferdige pluggplanter til våren av sellerirot, kål, brokkoli, blomkål, grønkål, salat, purre osv.

Så sjølv kan du heller gjera med lette frø som du kan så rett ut, slik som sukkererter, bondebønner. Og du kan setja setteløk og settepoteter.  Rødbeter går også fint å så rett ut og gulerøter må du så rett ut eller i mjølkekartongar fyrst.

Meir om dette etter kvart som det vårast!

LES GJERNE:

Dette skal eg dyrka i 2019

Om å så chili og aubergine

Om å så tomat

Om å så sellerirot

8 spørsmål og svar om å så

Derfor tjuvstartar eg i drivhuset

VIL DU FYLGJA BlOGGEN “MARGUNNS KJØKKENHAGE”?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: