Glutenfrie frukostbrød med sukkerfritt syltetøy

Glutenfrie frukostbrød med sukkerfritt syltetøy

Lyse “Hattings” speltrundstykke med marmelade. Ikkje akkurat det luraste å eta til frukost. Særleg ikkje om du slit med betent tarm og kropp.  Då gjeld det å unngå sukker og gluten. Ok, han forsto det.

Men er der gluten i spelt?

Ja. Gluten fins i kveite, spelt, bygg, rug, emmer og enkorn.  Spelt, emmer og enkorn har ein litt annan glutensamansetning enn kveite. Havre inneheld ikkje gluten, men kan få med seg litt gluten frå andre kornslag både på åkeren og i prosessen med å laga havregryn eller havremjøl.

“Chiapudding med bærpuré”, glutenfrie frøknekkebrød eller havregraut  ville vera gode val med tanke på tarmen, men ville neppe freista mannen som var glad i å sitja lenge og kosa seg med aviser, kaffe og varme rundstykke.

Så då gav eg han denne oppskrifta på frukostbrød/rundstykker som eg har fått av bonusdotter Marte.

Dette treng du:

  • 5 egg
  • 1 stor boks cottage cheese
  • 2 ts bakepulver
  • 1 liter små, lettkokte, glutenfrie, helst økologiske havregryn

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg lett.
  2. Rør inn cottage cheese og bakepulver.
  3. Rør inn havregryn.
  4. Ha alt i ei firkanta form smurd med rapsolje(kortenden er litt kortare enn ein gaffel og langenden litt lengre)
  5. Steik i 20 minuttar på 200 grader.
  6. Skjer så opp i firkantar. Då får du firkanta frukostbrød.

Jo, mannen skulle nå klara å laga det, det høyrdes ikkje vanskeleg ut. Og tid hadde han jo.

Nam, nam, nyrørt syltetøy. Blir ikkje så mørkerødt som det du kjøper, men kva trur du det skuldast? Null kunstig farge tilsett.

Nyrørt syltetøy

Men syltetøy? Han hadde nå kjøpt eit glas syltetøy som skulle vera utan sukker. “Les bak på merkelappen”, sa eg.  “80 prosent fersken/aprikos”, sjekka han. “Og kva er resten?”  Jo da, det var nokre uforståelege ingrediensar “og andre sukkerartar”.

Absolutt betre enn mange syltetøy som inneheld meir sukker enn bær. Men, kva med å laga syltetøy sjølv på 1-2-3?

Han sukka.

Fort gjort!

Ta 2,5 dl bringebær (du kan bruka frosne som du tiner) og kjør i blendar med 2 ss chiapudding (1 ss chiafrø som du let svella i 5 ss vatn i ti minutt). Chiafrø inneheld betennelsesdempande Omega-3, pluss protein, mineralar og vitaminar.  Frøa smakar mest ingenting.

Jo det var greit, han hadde prøvd rådet om å ha chiafrø i smoothiar.

Har du ikkje chiafrø for hand, bruk 1/2 eple.

PS-1: Sjølvsagt deileg med nybakt, men desse frukostbrøda held seg godt i nokre dagar i kjøleskap, så du kan gjerne laga dei kvelden før om du har travle morgonar.

PS- 2: Når eg lagar denne, likar eg å tilsetja 3-5 ss graskarmos.

VIL DU FYLGJA BLOGGEN MARGUNNS KJØKKENHAGE?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Glutenfrie frukostbrød med sukkerfritt syltetøy”

  • Hei!
    Har veldig lyst til å lage dine frokostbrød ☺️!!! Lurer på hvordan du deler dem opp og porsjonerer ift BLEog vektnedgang??

    • Porsjonar? Spørs kva du et ellers og kor mykje du vil gå ned i vekt. Har ikkje tru på å gå ned i vekt med å eta for lite. Skal ikkje gå svolten. Gjeld å eta meir at det me ikkje legg på oss av, – næringstett mat som inneheld mykje næring (vitaminar, mineral osv) pr kalori, og då er masse grønsaker ypperleg. Desse inneheld og mykje fiber og vatn som gjer at du kjenner deg mett. Et meir av det gode og mindre av det dårlege.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: