Gullhummus

Gullhummus

Hummus er gode greier. Ein kremete, næringsrik mos basert på kikerter. Vanleg rett i Midt-Austen og Middelhavsland, som forrett, siderett eller dip.

Eg brukar også hummus som pålegg på brødskiver og serverer det gjerne saman med flatbrød til supper. Billigare protein enn det du får frå bønner og linser, fins knapt. Og så sunt at lege og kosthaldsekspert Berit Nordstrand seier me må eta det kvar dag. Inneheld nemleg også fiber og viktige plantestoff som er med på å halda deg frisk. Høgt på lista over favorittmaten til dei gode tarmbakteriane.

Latterleg lett å laga hummus om me gjer det på den enklaste måten og brukar ferdig kokte kikerter på øskje/boks.

Kikertmosen kan du variera i det uendelege: Ha i kakao og dadlar og du får sunt sjokoladepålegg. Oppskrift her). 

Tilset bakte/kokte (ikkje sylta!) rødbeter, og du får rosa hummus.  Eller graskarmos – vipps, du får gullhummus.

To skiver nøttebrød med sjokoladehummus, og du blir stappmett! (Foto: Margunn Ueland)

OPPSKRIFT PÅ GULLHUMMUS

Ingrediensar:

  • 2 øskjer kokte kikererter a 290 gram (Go Green øko)
  • 4 ss tahini (du får kjøpt det i innvandrarbutikkar og i gode matbutikkar)
  • 2 kvitløkfedd
  • Juice frå 1/2 sitron
  • 1 ts malt kummen
  • 1 ts koriander
  • 1 ts paprika
  • bittelitt chili
  • 300 gram graskarmos (du kan bruka gulrotmos eller bakt søtpotet om du ikkje har graskarmos)
Fort gjort.

Framgangsmåte:

Ha alt i kjøkkenmaskin og køyr til alt blir godt blanda og du får ein kremete mos. Smak evt. til med litt peppar og salt.

Smaksvinnarane

Som de forstår, puttar eg graskar i alt for tida. Likar ut å testa ut nye måtar å bruka det eg dyrkar på.  I 2017 dyrka eg nakenfrøgraskar «Olga», då var det sjølve kjernene som var poenget. Store og gode!

I fjor hadde me mange ulike sortar graskar i Leikeplasshagen. Det blei ein varm og solrik sommar, så dei vaks som bare det. Av eit stort  Askepottgraskar av sorten «Vif Rouge D Ètampes» fekk eg som 3,2 liter mos.

Fremst: «Uchiki Kuri». Bak til venstre ligg eit «Askepottgraskar» og lurer… (Foto: Jan Inge Haga)»

Men dei som har vore best på smak av dei eg har spretta til nå, er utan tvil «Uchiki Kuri» og «Marina di Chioggia».

«Marina di Chioggia». (Foto: Margunn Ueland)

Flaskegraskaret «Waltham Butternut»,  oransje, dråpeforma»Lakota» og dei små gule «Sweet Dumpling» har eg ennå liggjande uspretta.  Her er dei:

Det oransje graskaret er «Lakota», det beige «Waltham Butternut», dei små gule «Sweet Dumpling». Og ja, det går an med graskarmos i smoothie også.  Oppskrift på det får du i neste blogginnlegg. (Foto: Margunn Ueland)

Har du ennå att graskar, sjekk ut desse oppskriftene:

CHILI SIN CARNE

GRASKARCURRY

LETTVINT GRASKARSUPPE MED INGEFÆR OG KOKOSMJØLK

PANNEKAKER MED GRASKARPURÉ

GYLNE GRASKARMUFFINS

FORMKAKE MED SJOKOLADE OG GRASKAR

PAUSESMOOTHIE

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: