Pausesmoothie

Pausesmoothie

Karamell, caffè latte .. Denne smoothien smakar litt av begge deler. God når du treng ein pause og påfyll.

Den eine ingrediensen har du kanskje aldri prøvd i smoothie før?

Dette brukte eg:

  • 1 godt mogen banan
  • 10 valnøttkjerner
  • 4 dadlar (ta ut steinen)
  • 2 dl kaffe
  • 2 dl mandelmjølk
  • 2 toppa ts kakaopulver
  • 1/4 ts kardemomme
  • 1/4 ts ingefær
  • lite dryss muskattnøtt
  • 5 ss graskarmos
  • Evt. 1 ts honning, kjem an på kor søt du vil ha smoothien.

Framgangsmåte:

Køyr nokre minutt i god blendar.

Det går sikkert an å laga denne også utan graskarmos. Eller du kan bruka litt gulrot.

Meir mat med graskar

Eg er så heldig at eg har fleire boksar graskarmos i frysa. Har du meir graskar att, sjekk gjerne ut også desse oppskriftene:

CHILI SIN CARNE

GRASKARCURRY

LETTVINT GRASKARSUPPE MED INGEFÆR OG KOKOSMJØLK

PANNEKAKER MED GRASKARPURÉ

GYLNE GRASKARMUFFINS

FORMKAKE MED SJOKOLADE OG GRASKAR

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: