I dag fekk eg boka, snart får du ho i posten!

I  dag  fekk  eg  boka,  snart  får  du  ho  i  posten!

I dag fekk sjå boka mi for fyrste gong.  Eg var så spent at eg mest ikkje visste kor eg skulle gjera av meg. Men det var ingen grunn til å vera nervøs, designar June Line hadde gjort ein knallgod jobb, forlaget hadde spandert fint papir – ei flott bok om eg skal seia det sjølv! Så glad for at god plass er brukt på dei mange fine fotografia. Skikkeleg flott bok, om eg skal seia det sjølv.

Det var forlagssjefen sjølv, Bjørn Moi som kom med boka, saman med kokebokforfattar Maggi Gausel.

Det blei ikkje tid til å sitja å bla lenge i boka, for sjefen hadde det travelt: Han og Maggi bar inn  inn 16 kassar, kvar på 11 bøker. 176 bøker som eg nå skal signera før dei skal sendast ut til dykk som har fått gåvekort til jul eller har tinga boka på førehand frå nettbutikken til Jæren forlag.

Forlagssjefen hentar bøkene hos meg tidleg neste veke, så blir dei sende ut. GLED DYKK!

Men me tok oss nå tid til ei kort feiring med nybaka brød og tomat-mandel-pesto som ho hadde med, te og kaffe. Pluss nyrørt bringebærsyltetøy og rundstykker som eg hadde laga.

Meir info om boka og boklaseringa får du her: VELKOMEN TIL HAGEFEST I FEBRUAR

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: