Formkake med sjokolade og graskar

Graskar er gøy! Ein fest å dyrka, og så masse mat det blir! Av eit Askepottgraskar fekk eg 3,2 liter graskarmos… Kva eg brukar det til? I supper, gryterettar og bakverk: Muffins, pannekaker, eller i denne saftige formkaka som du får oppskrifta på her.

Mos lagar du lett: Skjer eit graskar i båtar, putt det i omen, la steika ci 30 minutt til det blir mjukt. Så er det bare å skrapa ut fruktkjøtet/mosen med ei skei. Det går fint å frysa mosen.

OPPSKRIFT:
- 3,5 dl graskarmos
- 2 egg
- 1,2 dl mjølk
- 2 ts vaniljeessens
- 6 ss lønnesirup
- 2 ss rapsolje
- 2,5 dl mandelmjøl
- 3,5 fin, sammalt speltmjøl, økologisk
- 1 ts bakepulver
- 1 ts natron
- 1 ts kanel
- 1 ts ingefær
- 1/2 ts muskattnøtt
- 1/2 ts allehånde (viss du har)
- 1 kokesjokolade
Framgangsmåte:
- Pisk egg lett.
- Bland inn resten av det våte; altså vaniljeessens, mjølk, olje, graskarmos.
- I ein annan bolle, bland alt det tørre, det vil seia mjøl og krydder.
- Bland så det våte med det tørre.
- Hakk kokesjokoladen i små bitar og bland i.
- Ha i smurd form og steik på 180 grader i omlag 40 minutt.
Blei litt puddingaktig i konsistensen. Desse graskarmuffinsane er vel så gode: Her er oppskrifta.

Har meir mos att, så eg får klekka ut nokre nye bruksmåtar til neste gong me møtes. Kva er din favorittmåte å bruka graskar på?
HER ER MEIR OM GRASKAR – BÅDE OM SORTAR, DYRKING OG MATLAGING.
VIL DU FYLGJA MEG?
Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.
SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.