Velkomen til hagefest i februar!

Velkomen til hagefest i februar!

Kjære fylgjarar og lesarar! Tysdag den 5. februar blir boka “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt” lansert. De er velkomne på lanseringsfest klokka 19 på Ostehuset på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum, også kalla Møteplassen. Hadde vore stas å treffa mange av dykk!

Her er god plass, men gjer likevel vel å gå inn på arrangementet her på Facebook og trykk SKAL viss du vil koma. 

Fyrst litt info om boka, så skal eg fortelja meir om kva som skal skje på lanseringa.

Forlagssjef Bjørn Moi i Jæren forlag kallar dette ei “praktbok” (248 sider, format 195×250 mm, masse flotte fotos av den dyktige fotografen Jan Inge Haga, fint papir). Jan Inge har også teke ein del av bileta her på denne bloggen, mellom anna dette:

Dette biletet av naboguten Alvin og meg er eit av bileta i boka eg likar best. Fotograf Jan Inge Haga tok det ein fin septemberdag naboguten Alvin fekk hausta det største graskaret i Leikeplasshagen.

Jau då, forlagssjefen er også nøgd med teksten. “En bok til å bli glad av!” skriv han i omtalen av boka som han har døypt både “Inspirasjonsbok” og “Hagebok for den nye generasjonen”. Det er jo ganske kult, når forfatteren nærmar seg 63 år, he, he.

Viss du bare har smaka sylterødbeter på glas i eddik og sukker, vil du mest ikkje tru det er den same grønsaken når du smakar på din fyrste sjøldyrka rødbete rett frå jorda. Dette er ikkje min fyrste.. men godt smaka det! Foto frå juni 2018 av Jan Inge Haga.

Men det han tenkjer på, er at kjøkkenhage er inn, store plenar er ut.  Me vil eta godt, me vil eta sunt, me vil vera miljø-og klimavenlege. Plantebasert kost fri for sprøytemiddel vil fleire og fleire ha. Helst også kortreist mat. Den eine etter den andre oppdagar at ingenting slår sjøldyrka, nyplukka grønsaker, urter, frukt og bær. På den måten slår me tre fluer i eit smekk: Betre mat, betre helse og betre for miljø/klima. Det er fyrst og fremst for de som er opptekne av dette, at eg har skreve boka.

For å dela gleder og erfaringar, visa at de kan få det til!

Om lanseringsfesten

Ostehuset Møteplassen er ein stor flott café i to etasjar som Hanne Berentzen og Tom Sørensen opna i november i fjor i det gamle Norges Bank-bygget i Stavanger sentrum. Her legg dei vekt på å laga god og “grøn” mat av lokale og økologiske råvarer.  Her er jo dørene åpne, så det kan vera lurt å koma i god tid for å sikra seg ein god plass..

Det gildaste med festar er jo å vera i lag med gilde folk, så det blir ikkje noko langt og trøyttande program.

Ei av dei som gledar meg voldsomt til å treffa, er Anne Endresen som eg har henta mykje inspirasjon og lærdom frå ved å fylgja henne på Instagram: @annemorshage.

Her er Maggi då ho kom på besøk til meg for fyrste gong i fjor vår. Ho ville nemleg få nokre tips til koss ho kunne dyrka eigne grønsaker. Ho hadde med dette kjempegode grytebrødet. Les meir og få oppskrift herTilbake til programmet:

Hanne vil nok seia nokre velkomstord, det same vil forlagssjef Bjørn Moi som vil presentera fotograf Jan Inge Haga og meg. Så vil kokebokforfattar og matbloggar Maggi Gausel “bokbada” meg, det vil seia intervjua meg eit kvarters tid. Eg anar ikkje kva ho vil spørja meg om, ei festleg dame! Den nyaste boka hennar heiter “godt nok – enkle og sunne matgleder”.

Til slutt vil det bli høve til å få kjøpa signert eksemplar av “Margunns kjøkkenhage -Fersk mat året rundt”. Året rundt fordi boka er ei personleg forteljing om kva som skjer i hage og drivhus frå frå januar til og med desember.

Lurer på om eg ikkje skal bruka dette bedet til løk, gulerøter, og sylteagurk i 2019.

Frøa eg bestilte 1. nyttårsdag har kome, men eg har ikkje begynt å så ennå i år. Men planen for kva eg skal dyrka er lagt! 

Før eg går i gang med å så, må eg jo eta opp fjorårets avling- ennå ein god del att i fryseboksen og i skap, ja ute i hagen også.

Visst tek det tid å dyrka sin eigen mat, men så sparer eg også tid på matlaging om vinteren! Her er oppskrifter på nokre raske rettar eg har laga dei siste vekene:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: