Rask pasta med rød saus, bondebønner og grønt dryss

Rask  pasta  med  rød  saus,  bondebønner  og  grønt  dryss

Endå ein rask middag/lunch: Det gjeld om å vera kreativ når halve fryseboksen er full av mat frå kjøkkenhagen og både grønkål og svartkål står friske og fine ute i  kjøkkenhagen. Skriv bondebønner på frøbestillingslista di! Noko av det enklaste du kan dyrka, pluss at det tek bare eit par minutt å koka dei. Stinne av protein.

Bondebønner. (Foto: Jan Inge Haga)

Nok til 4:

  • 270 gram pasta: Eg brukte økologiske, glutenfrie penne frå Go Green laga av røde linser, bokkveite og teff. Gode!
  • 7 dl tomatsaus med gul squash. (Hadde heimelaga i frysa, – her er oppskrifta-  du kan sikkert få kjøpt ferdig tomatsaus eller koka av litt løk, gulrot, litt tørka timian og oregano og to øskjer/boksar hakka tomatar.)
  • 1 finhakka fedd kvitløk (frå eigen avling, så klart!)
  • 2 store nevar bondebønner. (Eg hadde i frysa, og bondebønner tek bare nokre få minutt å koka. Du kan også bruka kokte, kvite bønner som du får kjøpt i øskjer og/eller på boks.)
  • 2 store nevar bladpersille: (Eg brukar det i mest alt, gir så god smak. Betre eigna til matlaging enn kruspersille, synes eg.)
  • 4 store nevar finhakka, grønkål. (Eg brukte grønkål av den flatblada typen «Ragged Jack» som eg hadde i frysa. Var bare å smuldra han opp og strø oppi gryta.)
  • Peppar, salt, litt chili, opp til din smak kor mykje.
Grønkål «Ragged Jack» fotografert den 26. mai 2018 av Margunn Ueland.

Framgangsmåte:

  1. Finhakk grønkålen.
  2. Kok pasta i 3 minutt, altså litt under halvparten av koketida på 6-8 minutt som står på pakken, sil av og set til sides.
  3. I mens kokar du opp tomatsausen med kvitløken og timian og oregano.
  4. Tilsett grønkålen og la det koka rundt 5 minutt til grønkålen blir mør.
  5. Ha oppi pasta, bønner og  bladpersille og la det koka cirka 3 minutt til.
  6. Smak til med salt, peppar og chili.

PS: Grønkål av typen «Ragged Jack» er såpass mør at han ikkje trong å koka i 5 minutt. Eg bare hadde han opp til slutt saman med pasta, bønner og bladpersille.

FLEIRE RASKE MIDDAGAR:

I sist veke laga eg 5 middagar på til saman 30 minutt. Kanskje du finn nokre tips du kan bruka?

Rask lapskaus

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: