Rask lapskaus

Rask  lapskaus

Har du restar frå søndagssteika? Lag lapskaus! Med masse grønsaker så klart.  Fordelen med å bruka opp restar – bortsett frå at me sjølvsagt ikkje vil kasta mat – er mykje kortare koketid.

Eg vaks opp med lapskaus laga av salt lammekjøt  pluss masse jordeple (poteter), pluss gulrot og kålrot. Smaken blir endå betre og lapskausen sunnare, om du brukar litt mindre kjøt og poteter og desto meir grønsaker og urter. Pluss på med sellerirot, purre, gjerne også persillerot.

Eg har også alltid oppi nokre nevar finhakka grønkål og bladpersille. Kvifor? Meir farge på lapskausen pluss at det gjeld om å få i seg grøne grønsaker kvar dag. Det er noko av det beste du kan gjera for helsa di. Masse nyttige næringsstoff («byggjeklossar» som Berit Norstrand seier) og mest ingen kaloriar. Då har du «5 om dagen» i ei gryte!

OPPSKRIFT

(nok til 4)

Ingrediensar:

  • 10 jordeple
  • 6 gulerøter
  • 1/2 sellerirot (eg hadde også i to nevar oppskåren selleristang, fordi eg hadde i frysa)
  • 1/2 kålrot
  • evt. 1 persillerot
  • 1 purre
  • 4 dl finhakka grønkål
  • 1 bunt persille (eg brukte 2 dl frosen, hakka bladpersille).
  • Kjøt: Det du har av restar. Treng ikkje vera mykje. Viktigare å få i seg mykje grønsaker enn mykje kjøt.
  • Ci 3 ts økologisk buljongpulver (smak til, kjem litt an på kor mykje og kva slags kjøt du har i gryta)
  • 2 ts tørka timian
  • Peppar og evt. salt (kjenn etter til slutt)
  • Ci 1 liter vatn (sjå framgangsmåte)Eller KRAFT hadde vore endå betre, minna Hildegunn Takle meg nyss på.

Framgangsmåte:

  1. Skrell potetene og skjer alle grønsakene i bitar. Jo mindre bitar, jo kortare koketid.
  2. Ha alt minus persille og kjøt i ei gryte med vatn. Vatnet skal ikkje stå over grønsakene, det skal vera litt under.
  3. Skjer kjøtet i små bitar og hakk persillen.
  4. Når grønsakene er bortimot møre, tilset kjøt og persille kok til det er varmt. Ta av loket slik at vatn kan dampa av viss lapskausen er for våt, eller tilsett meir vatn om det trengs.  NB! Eg tilsett persillen nå, fordi eg brukar ganske mykje. Har du bare litt, dryss det over til slutt.
  5. Smak til med masse peppar og lite salt.  (Peppar er sunt/inneheld masse antioksidantar, mens for mykje salt kan medverka til for høgt blodtrykk).
Frøys ned masse grønkål i sommar. Fremst grønkål «Sukuma Wiki» med ovalt blad, bak frynsete blad av «Ragged Jack».

GRØNKÅLTIPS: Heldigvis har eg flust å ta av, både finhakka og frosen i fryseboksen og frisk og fin ute i kjøkenhagen. Raskast går det å bare ta nokre nevar frå fryseboksen. Frosen grønkål er det nemleg lett å knusa/smuldra. Om eg attpåtil brukar glattblada grønkål som den russiske «Ragged Jack», går det endå fortare, for denne er mørare og mjukare enn den vanlege krusete grønkålen. Denne kan du bare strø oppi gryter og supper nokre minutt før maten skal serverast. Treng bare å koka opp eit-par minutt. Denne er også super i  smoothiar. 

Grønkålen som veks ute i kjøkkenhagen nå vinterstid, brukar eg mest til salatar og til juice.

LØKTIPS: Når du haustar løk, ta vare på det grøne. Går godt å frysa. Godt å ha i lapskaus, supper, omelett og andre rettar. Treng kortare koktid enn purre. Det var det eg brukte i denne lapskausen i staden for purre.

Dette biletet er frå slutten av juni i fjor. Sunniva har hausta rødløk og Alma sjalottløk.

Det er herleg å vera sjølvberga med grønsaker mest året rundt. Sjølv nå i januar har eg både grønsaker eg kan hausta frå i kjøkkenhagen, pluss halve fryseboksen full. Ja visst tek det tid å dyrka, men eg sparar mykje tid nå om vinteren når eg skal laga lunchar og middagar! Sist veke laga eg fem middagar på til saman 30 minutt. Det kan du lesa om her. 

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: