Fem middagar på til saman 30 minutt

Fem  middagar  på  til  saman  30  minutt

Denne veka har eg brukt ti minutt på å laga ein middag og dei andre gjekk på 5 minutt. Gamle restar kan nemleg fort bli som nye! Ekstra fort går det når eg har ei heil kjøkkenhagefryseboks å ta av.  Sunt og godt blei det sjølvsagt;)

Italiensk gryte med masse ulike grønsaker og kvite bønner. Legg merke til posen med hakka bladgrønt. Har mange slike i både fryseboks og fryseskap!

MÅNDAG:  Italiensk gryte:

Utgangspunkt: 1 boks (6 dl) squashstuing kokt på løk, kvitløk, squash, tomater som eg hadde i frysa. Den varma eg opp med ei øskje store, kvite bønner (har alltid bønner og linser i kjøkkenskapet) + 1 pose forvella mangold frå fryseboksen og ein halv pose New Zealandsk spinat (både mangold og spinat skrumpar kraftig inn under koking).  Alternativet hadde vore å kjøpa ein pose spinat.

Eg piffa opp røra med 1 ts paprikapulver, 1 ts oregano, litt økologisk buljongpulver og peppar.

Tid: 5 minutt.

Her er oppskrift på SQUASHSTUING.

Uhyre få kaloriar i denne suppa, men masse nyttige næringsstoff.

TYSDAG:  Kjøkkenhagesuppe med egg:

Utgangspunkt: 7 dl ferdigkokt suppe frå frysa – kokt på squash, selleri, kvitløk, grøne blad (spinat og grønkål). Eg bare tilsette 5 nevar frosen, hakka bladpersille og hardkokte to egg.

Tid: 5 minutt.

Fremst: Forvella sellerirot på opptining. Ennå jordeple att frå eigen avling. Har halde seg i isoporkasse i garasjen. Grøne blad i gryta, skal bli stuing. Biletet tok eg då eg skulle laga sundagsmiddagen.

ONSDAG: Hjort med salvie&fløytebakt sellerirot

Til sundagsmiddag hadde me hjortesteik med gratinerte poteter&sellerirot lagt lagvis i form, rødvinssaus, Monas rødkål og grøn stuing av mangold, grønkål, spinat, persille, fløyte, muskattnøtt, peppar og salt.

Det vart att ein del kjøt som eg laga ny middag av: La bare kjøtet og sauserestane i den eine enden av ei eldfast form. I den andre enden la eg tynne skiver av forvella sellerirot (som eg hadde i frysa) lagvis med salvieblad, salt og peppar og helte på litt fløyte.

Tid: 10 minutt i omnen på 200 grader.

Gyllen linsesuppe.

TORSDAG: Gyllen linsesuppe:

Utgangspunkt: 1 boks (6 dl) Rød linsesuppe med svung som eg hadde restar av frå førre veke. Nok til to personar til kveldsmat, men ville ha i litt ekstra for at det skulle bli ein mettande middag, og gjera ein vri for at det ikkje skulle bli den same suppa: Vrien var 3 dl graskarmos (hadde i kjøleskapet), 2 dl kraft (hadde i frysa) 1 ss raspa ingefærrot og ein skvett appelsinjuice.

Tid: 5 minutt.

Rød kjøttsuppe.

FREDAG:  2 porsjonar kjøttsuppe blir til 4:

Utgangspunkt:  1 boks (6 dl rød kjøttsuppe med rødbeter ) frå fryseboksen) blei blanda med, 3 dl kraft kokt på av bein og grønsaksrestar (hadde i frysa), 1 øskje hakka tomater, 1 øskje kidneybønner frå kjøkkenskapet, 2 dl hakka og frosen spinat, 2 dl hakka og frosen svartkål , 1 neve hakka, frosen bladpersille, 1 ts timian, 1 ts tomatpuré, 1 ts paprikapulver, peppar og litt salt. Det blei ei god suppe med ikkje så mykje kjøt, men masse grønsaker. Kjøt sakna me ikkje- masse mettande protein og god smak i bønner og kraft.

HER ER OPPSKRIFT PÅ RØD KRAFTSUPPE MED OKSEKJØT OG RØDBETER

Tid: 5 minutt.

«Bodils gode, lettvinte brød» til venstre, nøttebrød til høgre.

PS-1: Suppene serverte eg med «Bodils gode, lettvinte brød» og/eller nøttebrød og/eller flatbrød med heimelaga hummus.

PS-2: Tok ut restar frå fryseboksen kvelden før slik at dei var opptinte.

Laurdagskos og sundagsmiddag

Kva skal me finna på denne helga?

Sist laurdag komponerte eg ein knallgod gryterett, men den tek det minst 30 minutt å laga:

CHILI SIN CARNE

Såg du Berit Norstrand laga grønsakslasagne på TV måndag 7. januar? Norstrand har mange «fans». Eg er ein av dei. Men dristar meg likevel til å påstå at MIN BESTE LASAGNE er endå betre enn Norstrand sin Vegetarlasagne.

Prøv begge, og fortel meg kva du synes!

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: