Solbærsmoothie

Solbærsmoothie

Forkjøla vil me ikkje bli.  Heldigvis har eg solbær frå kjøkkenhagen i fryseboksen. Faktisk sjeldan eg finn solbær i butikkane nå vinterstid. Plant nokre solbærbuskar til våren!

For å gjera denne drikken ekstra mettande, har eg tilsett lettkokte, små havregryn.

Eg har alltid ein form for sunt feitt i smoothiar – då unngår du blodsukkertoppar du hadde fått om der bare var bær og frukt i drikken. Og du får i deg meir nyttig næring. I denne hadde eg oppi knuste linfrø (Omega-3 ). La dei gjerne svella nokre minutt i litt vatn fyrst.

I staden for eplejuice, er det betre for helsa og blodsukkernivået å bruka eit heilt eple pluss sukkerfri væske som mandel- eller havremjølk/vatn/fruktte.  Då får du også i deg fiber og antioksidantar (eple), protein, kalk, B12 og vitamin D (mandel- eller havremjølk).

Er bæra frosne og eg ikkje har fått tid til å tina dei, brukar eg ofte også ein liten kopp fruktte (ikkje svart te med fruktsmak, men fruktte).  Solbærte er aller best i denne smoothien.

Fiken og/eller dadlar brukar eg ofte om eg vil gjera smoothiar søtare. Men sidan dette skal vera ein anti-forkjølingsmoothie, tok eg 1 ts økologisk honning i.

Havregryn og linfrø er lurt å ha i smoothien.

OPPKRIFT:

(nok til 2 glas, sjå foto)

  • 3 dl solbær
  • 1 eple
  • 4 ss lettkokte, små havregryn
  • 1 ss knuste linfrø
  • 4 dl mandel- eller havremjølk
  • 1 ts honning

Framgangsmåte: Ha alt i blendaren og køyr eit-par minutt.

Kvifor ikkje vanleg mjølk, altså kumjølk? Mange blir ekstra «snottete» (får ekstra mykje slim) av kumjølk. Dessutan blir færre av antioksidantane i bær og frukt opptekne i kroppen når me et/drikk dei saman med kumjølk.

FLEIRE OPPSKRIFTER PÅ SMOOTHIAR FINN DU HER.

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.



2 kommentarar om “Solbærsmoothie”

  • Kjempegodt! Denne måtte til for å kome i land med «ete noko sjølvdyrka kvar dag»-utfordringa mi i dag 😊. Eg tok tre dadlar i staden for honning, så blei den vegansk. Og linfrø knuste eg berre i blendaren åleine først.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: