Chili sin carne

Chili sin carne

Knallgod! Prøv denne oppskrifta, og du vil bli positivt overraska. Mannen min og eg hadde denne til laurdagskosen i går, og me gledar oss allereide til restane…

Denne gryta er full av gode smakar, protein, fiber og nyttige næringsstoff. Lettvint å laga – alt i ei gryte. Du blir god og mett, utan å få i deg mange kaloriar og den type feitt me bør unngå. Ingrediensane er dryge og billige.

Dette treng du:

(nok til 6 porsjonar)

  • 1 gul løk
  • 3 kvitløkfedd
  • 1 ss rapsolje
  • 5 dl gresskarbitar (Eg spretta nyleg endå eit av “Marina di Chioggia”-graskara mine. Alternativ: søtpoteter eller gulerot)
  • 2 nevar oppskåren sellerirot eller selleristang
  • 7 dl kraft (eg hadde kraft kokt på bein og grønsaksrestar, du kan også bruka vatn og  økologisk buljongpulver)
  • 5 dl tørka, røde, linser (“split red lentils” står det på pakkane i innvandrarbutikkane, ikkje øskjer med ferdigkokte linser)
  • 1 øskje/boks hakka hermetiske tomatar
  • 4 ts tomatpuré
  • 2 boksar/øskjer med ferdigkokte kidneybønner
  • 2 ts paprikapulver
  • Cirka1 ts chilipulver (smak til, kjem an på kor sterk du likar maten og kor sterk chilikrydderet er. Det er betre å starta med lite og så ta i litt meir, i staden for å ta for mykje. Eg brukte 4 ts sterk ungarsk paprika/mild chili i staden for vanleg paprikapulver og chili)
  • 2 ts malt spisskummen
  • 1/2 ts kanel
  • 1/8 ts nellik
  • 2 ts oregano
  • 1 ss kakaopulver

Slik gjer du:

  1. Hakk løk, kvitløk og la det surra i tjukkbotna gryte med litt rapsolje på middels til svak varme til løken blir litt mjuk.
  2. Skrell og skjer graskar (eller søtpotet eller gulerot) i bitar, og la det pluss selleri surra med i gryta.
  3. Ha linsene i ei skål/litermål med vatn, rør litt rundt og tøm av vatnet. Ha linsene i gryta.
  4. Tilsett kraft, tomatar, tomatpuré og krydder.
  5. Kok i 30 minuttar på svak varme.
  6. Skyll av kidneybønnene, og ha dei i gryta.
  7. La det putra vidare nokre minutt til linsene har blitt mjuke, kidneybønnene varme og væska kokt inn så mykje at chilien er passe tjukk.
  8. Smak til med krydder.

Dersom du serverer fullkornris til – eller varme maistortillas med avocado og lime- bør du ha nok til to middagar for ein familie på fire. Resten kan du frysa, så har du ein kjapp middag ein gong du treng det!

På såkalla innvandrarbutikkar kan du få kjøpt store posar med røde linser for ein billig penge. Lurt, for du kan laga mykje godt med røde linser. Og det held seg lenge i skapet, slik at du alltid har noko å ta av.

Her er to andre oppskrifter med røde linser:

RØD LINSESUPPE MED SVUNG

MIN BESTE LASAGNE

VIL DU FYLGJA MEG?

Då blir eg veldig glad. Det kostar ikkje noko.

SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg.

 



4 kommentarar om “Chili sin carne”

  • Hei Margunn. (Takk for sist forresten – jobbet et aar i Aftenbladet (diktafon/resepsjon) da du var en ung journalistspire)

    Jeg brukte din oppskrift som grunnlag for middag i dag. Jeg hadde Quorn “kjottdeig” som maatte brukes. I stedet for chili, spisskummen, kanel og nellik brukte jeg mild garam masala. Min kanel og nellik hadde gaatt ut paa dato for flere aar siden 🙂 Jeg brukte ogsaa opp noen gronnsaker som maatte brukes opp etter jul.

    I oppskriftens pkt 8 mener du vel salt og pepper?

    Gleder oss ogsaa til restene til middagen i morgen!

    Vennlig hilsen Laila

    • Hei Laila! Så kjekt at du la oppskrifta mi til grunn. Veldig bra at du lagar din vri ut frå kva du sjølv har i hus. Det er slik eg også brukar oppskrifter! Med “smak til med krydder”, meiner eg krydder – f.eks, meir chili. Hadde faktisk ikkje salt og peppar i!

  • Hei! Mett og god etter god middag i dag! Fulgte oppskrifta til punkt og prikke og åt saman med eitt godt brytebrød og avokado. Ei lita gryte var utan chili. så da vart heile familien fornøgd. Gresskaret eg brukte var hokkaido. Takk for fin oppskrift!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: